Ny rettleiar om offentlege anskaffingar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 20.02.2012
Ein ny rettleiar viser kva for handlingsrom kommunane har for å samarbeide om tenester til innbyggjarane.
Ein ny rettleiar viser kva for handlingsrom kommunane har for å samarbeide om tenester til innbyggjarane.
- Kommunane bør bruke det handlingsrommet som ligg i regelverket for anskaffingar. Det gir kommunane fleksibilitet til å finne løysingar tilpassa deira behov. Samstundes gir det dei beste tenestene for innbyggjarane, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Rettleiaren er viktig for kommunane fordi han gir grunnlag for lokale løysingar, meiner statsråden.
Det er KS som med støtte frå Kommunal- og regionaldepartementet har gjeve ut rettleiaren. Tema er korleis kommunane kan samarbeide om tenester til innbyggjarane utan at dette er i strid med anskaffingsregelverket. Rettleiaren gir også råd om korleis kommunane kan styre anskaffingane for å oppnå føremålet med desse.
• KS sine nettsider med meir informasjon og sjølve rettleiaren
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00