Historisk arkiv

Nye kommunetal:

Så mykje velferd produserer din kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kor flinke er kommunane til å få mest og flest tenester ut av ressursane sine? No er databasen som gir informasjon om omfang og kvalitet på velferdstenestene i kommunane oppdatert.

Kor flinke er kommunane til å få mest og flest tenester ut av ressursane sine? No er databasen som gir informasjon om omfang og kvalitet på velferdstenestene i kommunane oppdatert.

- Det er viktig med lett tilgjengeleg informasjon om tenestetilbodet i kommunane. Databasen gir også eit grunnlag for å kunne samanlikne kommunar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Databasen er med på å auka kjennskapen om korleis ressursane vert nytta og kva innbyggjarane får att av tenester. Kommunane disponerer betydelege midlar på vegne av fellesskapen. Det er avgjerande for tilliten til det offentlege at pengane vert nytta best muleg, seier Navarsete.

Omfanget av tenestene kommunen yter har klar samanheng med kommunens økonomiske rammevilkår. Difor er både inntektsnivået og driftsresultatet til den enkelte kommunen med i databasen.

- Det er likevel viktig å påpeike at det er skilnadar i tenesteproduksjonen også mellom kommunar med om lag same inntektsnivå, seier Navarsete.

Det er Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) som kvar haust presenterer det dei kallar produksjonsindeksen. Tenester innan barnehagar, grunnskule, primærhelse, pleie og omsorg, barnevern, sosialtenester og kultur er teke med i indeksen. Både kvalitet ved tenestene og mengd tenester som vert levert, er med. Desse tenestene utgjorde om lag 75 prosent av kommunanes brutto driftsutgifter i 2010.

Bakgrunnen for tal om velferdstenester for enkeltkommunar er henta frå KOSTRA-basen til SSB. 372 kommunar har levert tilstrekkjeleg med data til SSB i samband med KOSTRA-rapporteringa i 2010.

• Sjekk ståa i din kommune: Produksjonsindeksen for kommunene 2010

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.