Unge i distrikta får betre tilgang til føraropplæring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 27.01.2012
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer igjen fylkeskommunane i det distriktspolitiske verkeområdet til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring i vidaregåande skule.
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete inviterer igjen fylkeskommunane i det distriktspolitiske verkeområdet til å gjennomføre prøveprosjekt med føraropplæring i vidaregåande skule.
Store avstandar til føraropplæring skapar utfordringar for mange unge i Distrikts-Noreg som vil ta førarkort. Unge er ei viktig målgruppe i distrikts- og regionalpolitikken.
- Målet er å gjere trafikkopplæring for distriktsungdom meir tilgjengeleg og billigare for elevane, som får reduserte kostnader til transport, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Dette er ei vidareføring av eit prøveprosjekt om føraropplæring frå perioden 2007-2009. Då gjennomførte seks vidaregåande skular ulike prosjekt. Det var ein del av regjeringa si satsing på trafikktryggleik og ungdomstiltak i distrikta.
- Resultata var så gode at me ynskjer å spreie desse erfaringane til fleire skular og fylke. Mellom anna såg me at strykprosenten til førarprøva vart lågare, og at fråværet og kostnadene i samband med reise til køyretimar gjekk ned. Dette bygde me vidare på i 2010 og 2011 og no held prøveprosjektet fram i 2012, seier statsråden.
I 2010 blei det tildelt midlar til 13 skular i 8 fylkeskommunar, og i 2011 førde 9 av skulane prosjektet vidare. Ytterlegare 9 skular starta opp.
Skular som alt har tilbod om føraropplæring, og ynskjer å fortsetje, kan søke om midlar. Skular som har vore med i forsøksordningar tidlegare kan også søke. Føresetnaden er at dei deler sine erfaringar med andre skular.
Fylkeskommunane kan søke Kommunal- og regionaldepartementet om inntil
200 000 kroner til å gjennomføre prøveprosjektet. Søknadsfristen er 15. mars 2012.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00