Historisk arkiv

Byggjekostnadsprogrammet har gjeve resultat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Betre kundekompetanse, auka produktivitet og betre leiing er viktige utfordringar i byggjenæringa. Byggjekostnadsprogrammet har fokusert på dette, og evalueringa syner at arbeidet har gjeve resultat.

- Betre kundekompetanse, auka produktivitet og betre leiing er viktige utfordringar i byggjenæringa. Byggjekostnadsprogrammet har fokusert på dette, og evalueringa syner at arbeidet har gjeve resultat. Likevel er det utfordringar ein må arbeide vidare med, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Byggjekostnadsprogrammet blei etablert i 2005 som eit femårig samarbeid mellom staten og organisasjonane i byggjenæringa. Føremålet var å redusere veksten i byggjekostnadene og auke produktiviteten i næringa.

Agenda Kaupang har saman med Asplan Viak  gjennomført den uavhengige eksterne sluttevalueringa av programmet. Dei har sett på arbeidsform, innhald og resultat. Programmet får ros for å har nytta meir ressursar på å formidle resultat enn det som er vanleg for forskingsprogram. Det er også etablert nye relasjonar innan næringa og overfor forbrukarorganisasjonar og FOU-miljø. Samarbeidet med bransjeorganisasjonane kunne ha vore betre når det kjem til å spreie resultata.

Heile 83% av verksemdene som er spurde meiner Byggjekostnadsprogrammet har vore nyttig for heile næringa. Programmet har likevel ikkje vore stort nok til å skape store og varige endringar i åtferda til aktørane i byggjenæringa.

Programstyret har samstundes levert sin sluttrapport. Styret trekk fram at programmet har lukkast i å skape eit løft for mange verksemder i BAE-sektoren. Det er laga ei plattform og eit samarbeidsklima for spreiing av kunnskap som gjer det muleg for alle fag og alle ledd i verdikjeda å få del i resultata. Stafettpinnen blir no overlevert til styremaktene og byggjenæringa.

- Vi har hausta nyttige erfaringar frå programmet. Dei vil vi mellom anna følgje opp i Bygningspolitikkmeldinga som skal leggjast framfor Stortinget hausten 2011. Eg vil oppmode  næringa til å vidareutvikle og nytte kunnskapen frå Byggjekostnadsprogrammet i det vidare arbeidet med kvalitet og kostnadseffektivitet, seier Navarsete.

Evalueringsrapporten og Programstyret sin sluttrapport.