Pressemelding , 18.06.2010

Gjerdrum ungdomsskule fekk Statens byggeskikkpris 2010

- Gjerdrum ungdomsskule er både moderne, framtidsretta og universelt utforma. Eg voner bygget blir ein god møtestad for både elevar, lærarar og heile bygda i mange år framover. Her har arkitektar og byggherre gjort eit imponerande jobb, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statens byggeskikkpris er rekna som ein av dei gjævaste prisane innan norsk arkitektur- og byggjebransje. Prisen på 200 000 kroner blei delt mellom Kristin Jarmund Arkitekter AS, landskapsarkitekten Østengen og Bergo AS, og  byggherren Gjerdrum kommune.

Byggjeprosjektet får mellom anna skryt for at universell utforming og andre brukarbehov er godt ivaretekne. Juryen, med leiar Erling Dokk Holm i spissen, rosar dessutan bygget for å ha eit moderne og utfordrande formspråk. Dei framhevar også at det er gjort ei nyskapande tolking av skulen som læringsarena og møtestad.          

- Eg oppmodar byggje- og anleggsnæringa til å satsa på berekraftige og samfunngagnlege kvalitetar. Statens byggeskikkpris skal inspirere til å oppfylle viktige krav til universell utforming, energi og miljø, seier Navarsete. 

Utstilling i regjeringskvartalet
I foajeen i regjeringskvartalet (R5) kan alle no sjå nærare på god byggjeskikk. Utstillinga syner vinnaren av Statens byggeskikkpris 2010, samt dei seks andre nominerte prosjekta i bilete, ord og teikningar. Utstillinga vil vera open til 6. august.

Heidrande omtale til to bygg
Lysaker park og Lærernes Hus fekk heidrande omtale av juryen.


Relevante lenkjer: