Historisk arkiv

Kommunane leverer gode resultat i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg og barnehagar. Det syner heilt ferske SSB-tal for 2009. - Den økonomiske balansen er dessutan betydeleg betra, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Kommunane leverer gode tenester på skule, omsorg og barnehagar. Det syner heilt ferske SSB-tal for 2009. - Den økonomiske balansen er dessutan betydeleg betra, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

KOSTRA-tala frå SSB syner at kommunane har sytt for at det har blitt 7 200 fleire årsverk i kommunesektoren i 2009.

- I grunnskulen har det blitt 2 000 nye årsverk trass i at talet på elever har minka, seier Navarsete som slår fast at det har blitt fleire lærarar per elev i grunnskulen.

I 2009 var det i snitt 13,2 elevar per lærar i undervisninga på barnetrinnet. Det er ein liten betring frå 2008. For ungdomstrinnet er gruppestørrelsen på 14,8 i 2009 og dette talet har vore stabilt sidan 2008.

Fleire barn har fått plass i barnehagar. Delen barn frå eitt til fem år med barnehageplass er auka frå 87,1 prosent i 2008 til 88,5 prosent i 2009.

For eigedomsforvalting og vedlikehald blei det publisert tal første gang i 2008. Då brukte kommunane 86 kroner per kvadratmeter, medan KOSTRA-tala viser at kommunane i 2009 brukar 122 kroner per kvadratmeter.

- Det er gledeleg at kommunane no brukar meir pengar på å ruste opp kommunale bygg, seier Navarsete.

Den økonomiske balansen er betydeleg betra frå unntaksåret 2008. Netto driftsresultat er den viktigaste indikatoren for økonomisk balanse. Denne syner at kommunesektoren samla har eit netto driftsresultat på 3,0 prosent. Kommunane utan Oslo hadde et netto driftsresultat på 2,7 prosent og fylkeskommunane på 4,5 prosent, medan Oslo kommune hadde 3,2 prosent. Teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi meiner sektoren over tid bør ha eit netto driftsresultat på om lag 3 prosent.

- Regjeringa har sytt for sterk vekst i kommunane sine inntekter dei siste åra med ein vekst på 41 milliardar kroner og 65 000 nye tilsette. No ser vi resultat gjennom en framleis aktivitetsvekst, samstundes som den finansielle stillinga blir betra. Situasjonen er likevel ulik frå kommune til kommune. Difor er det viktig at kvar kommune legg opp sin aktivitet etter sin økonomiske situasjon, seier Navarsete.

• Statistisk sentralbyrå (SSB) har ferske kommunetal frå KOSTRA.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.