Historisk arkiv

Hugs å fjerne snø frå taket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg minner om at alle huseigarar har ansvar for at det ikkje er meir snø på taket enn kva bygget toler. Hugs å skuffe vekk snøen før det oppstår farlege situasjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg minner om at alle huseigarar har ansvar for at det ikkje er meir snø på taket enn kva bygget toler. Hugs å skuffe vekk snøen før det oppstår farlege situasjonar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ulukka i Tromsø laurdag kveld, der ein ny idrettshall måtte gje etter for trykket av store mengder snø på taket, var ei påminning om kor viktig det er å ta store mengder snø på tak alvorleg.

- Det er så mykje snø mange stader at det nærmar seg grensa for kva somme tak toler. Difor oppmodar eg folk til å skuffe snø av taka sine før mildveret kjem og snøen blir tung, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Statsråden meiner at kommunane og andre eigarar av skular, barnehagar og store publikumsbygg som til dømes idrettshallar, bør vere særs merksame på om det er mykje snø på taket.

- Folk oppheld seg både inni og utanfor bygg. Ved å fjerne snøen før han blir for tung, kan vi førebyggje ulukker og spare både samfunnet og den einskilde for store materielle og menneskelege tap. Alle som eig bygg med mykje snø på taket bør difor setje seg godt inn i tilrådingane frå Statens Bygningstekniske etat, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.