Balestrand kommune med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta”
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 24.04.2012
Balestrand er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
Balestrand er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.
- Det har vore krevjande å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta” både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering.
- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.
I Balestrand kommune har det blitt fleire arbeidsplassar dei siste åra. Dette har ikkje gjeve utslag i folketalet. Kommunen ønskjer å gjere Balestrand til ein attraktiv stad å bu. No arbeider dei overfor utbyggjarar og grunneigarar for å få realisert nye bustadprosjekt. Mellom anna har kommunen vedteke å tilby gratis bustadtomter. Dei vil nytte tilskottet i satsinga til å støtte bygging av private bustader. Dette vil frigjere husvære i utleigemarknaden.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00