Historisk arkiv

Bulyst blant innvandrarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete oppmodar lokale og regionale styresmakter i Distrikts-Noreg om å sette seg inn i ein fersk rapport om kvifor innvandrarar vel å bli buande i distrikts-kommunar

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete oppmodar lokale og regionale styresmakter i Distrikts-Noreg om å sette seg inn i ein fersk rapport om kvifor innvandrarar vel å bli buande i distrikts-kommunar.

På oppdrag frå Distriktssenteret og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har Norsk Institutt for By- og Regionforskning (NIBR) gjennomført studien ”Hva avgjør om innvandrere blir boende i norske distriktskommuner?”
 
Føremålet med studien har vore å få fram innvandrarane sine eigne erfaringar om kva som påverkar deira val om å bli buande i distriktskommunar over tid. Det har også vore eit mål å sjå kva grad innvandrarar får bidra med sine ressursar og om aktiv deltaking  påverkar bulyst.

- Om lag 60 distriktskommunar opplevde vekst i folketalet i 2011  på grunn av innvandringa. Det er stort potensial i denne mangfaldige gruppa for kommunar med mål om god folketalsutvikling, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Velkomstbrev, målretta heimesider og betre og billegare språkopplæringstilbod for arbeidsinnvandrarar er blant forslaga frå innvandrarane sjølve. Fleire av innvandrarane som er intervjua strekar samtidig under at dei ikkje ønskjer særordningar. Dei vil bidra med ressursane dei har. 

- Rapporten gir eit interessant tilskot til å forstå kva som skal til for å inkludere innvandrarar i små lokalsamfunn. Den kan hjelpe til med å gjere tydeleg kva som må til for å auke opplevinga av bulyst for denne mangfaldige gruppa. Eg vil oppmode lokale og regionale styresmakter om å gå saman og finne ut korleis ressursar blant innvandrarar kan realiserast, oppsummerar kommunal- og regionalministeren.

Meir om rapporten på Distriktssenteret sine heimesider.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00