Historisk arkiv

Granvin kommune med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Granvin er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.

Granvin er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”. 

- Det har vore krevjande  å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta”  både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe  Navarsete.

”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering. 

- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.

I Granvin etterspør yngre folk som vil satse i kommunen bustader. Dei opplev bustadsituasjonen som ein flaskehals. Bustadmarknaden er lite dynamisk. Det er heile  88 prosent einebustader, få tomtar tilgjengeleg og få gjennomgangsbustader.

Kommunen ønskjer å utvikle Granvin som ein levande og god plass å bu. Dei har mål om nye bustadfelt, nye bygg og betre utnytting av eksisterande bygg. 

I tillegg til auka bustadbygging, er kommunen oppteken av klimaproblem knytt til bustad. Den største arbeidsstaden i kommunen er Granvin Bruk. Verksemda er ein stor aktør innan trelast. Ein har ambisjonar å nytte trevirke som energikjelde både i nye bygg og under ombygging av bygg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00