Historisk arkiv

Ullensvang kommune med i satsinga ”Bustadetablering i distrikta”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ullensvang er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.

Ullensvang er ein av 12 kommunar som får å ta del i den nye treårige satsinga ”Bustadetablering i distrikta”.

- Det har vore krevjande  å plukke ut dei beste av 82 søknadar. At heile 82 kommunar søkte om å ta del i satsinga syner at ”Bustadetablering i distrikta”  både er eit attraktiv og viktig tiltak, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

”Bustadetablering i distrikta” er ei treårig satsing. I 2012 er det sett av 20 millionar kronar til satsinga. Husbanken har ansvar for koordinering.

- Målet er å auke bustadtilbodet i distrikta. Nokre stader er bustadmarknadene små og usikre. Andre plassar manglar det bustader. Kommunar kan ha arbeidsplassar, men ikkje bustader til tilflyttarar. Tilskot til bustadetablering vil gjere det lettare å rekruttere kompetanse til slike kommunar, seier Navarsete.

Ullensvang har hatt ein lengre periode nedgang i folketalet. No har denne utviklinga snudd i nokre av bygdene i kommunen. Bustadmarknaden i Ullensvang er prega av mange einebustader. Det er liten mobilitet i bustadmarknaden. Dei som ønskjer å flytte dit vil bu sentralt i bygdesentrum. Der er få hus ledige.

Dei siste åra har kommunen gjennomført mange tiltak for å få ein meir variert bustadmarknad. Det er bygt to småhus og ein har kjøpt utleigebustader retta mot fyrstegongsetablerarar. Dessutan har kommunen hatt ei prøveordning med tilskot og rentefritt lån til huseigarar som forpliktar seg til å renovere ein tom bustad for utleige. Dette resulterte i 10 nye  bustader på marknaden.

Ved å vere med i satsinga, ønskjer kommunen å få etablert fleire leigebustader. Dessutan vil dei skape auka variasjon på bustadmarknaden for å sikre meir mobilitet.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.