Historisk arkiv

Sogn og Fjordane er Årets nynorskkommune 2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Eg vil gratulere Sogn og Fjordane fylkeskommune med prisen Årets nynorskkommune 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Eg vil gratulere Sogn og Fjordane fylkeskommune med prisen Årets nynorskkommune 2012, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Nynorsk er del av den nasjonale kulturarven vår. Språk er eit identitetsskapande verkemiddel og nynorsken er under press. Difor er det viktig å arbeide vidare for å styrkje og oppretthalde nynorskbruken. For at vi kan lukkast med det, er det viktig at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Eg skal ikkje leggje skjul på at eg set ekstra pris på at juryen har kåra heimfylket mitt til Årets nynorskkommune 2012. seier Navarsete.

Det er første gongen prisen vert delt ut til ein fylkeskommune. Juryen meiner at Sogn og Fjordane fylkeskommune klart skil seg ut blant årets gode søkjarar.

- Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke med høge ambisjonar for det nynorske språket. Det er viktig å oppmuntre og påskjøne det gode arbeidet med nynorsk som skjer regionalt, men som har eit langt breiare nedslagsfelt, seier Navarsete. 

I følgje juryen har Sogn og Fjordane fylkeskommune ei strategisk tilnærming til nynorsk. Dei har eit overordna mål med det nynorske språket. Juryen trekkjer fram mellom anna rapporten ”Språkfakta Sogn og Fjordane 1646 – 2012” som fylkeskommunen fekk utarbeidd i år. Rapporten skal gje eit grunnlag for språkpolitisk satsing. Dette har allereie ført til at det er etablert eit Nynorsk forum. Forumet skal skape debatt kring nynorsk både i Sogn og Fjordane og ut over fylkesgrensa.

Årets nynorskkommune 2012 får 100 000 kroner og eit bilete.  Tidlegare vinnarkommunar er Stord (2009), Seljord (2010) og Fjell (2011)

Kven som var med i juryen
Sigrid Tvittekja (Språkrådet), Rune Hetland (Landslaget for lokalaviser), Vidar Høviskeland (Landssamanslutninga av nynorskkommunar), Gunn Berit Gjerde (Fylkestinget Møre og Romsdal), Eli Johanne Lundemo (Kommunal- og regionaldepartementet).

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.