Attraktive lokalsamfunn veks!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet
Pressemelding | Dato: 25.05.2013
Å arbeide for meir attraktive stader er viktig i seg sjølv. Det viser ein ny rapport frå Telemarksforsking. Tiltak for å fremje lokal samfunnsutvikling er dermed viktig for distriktskommunane.
Å arbeide for meir attraktive stader er viktig i seg sjølv. Det viser ein ny rapport frå Telemarksforsking. Tiltak for å fremje lokal samfunnsutvikling er dermed viktig for distriktskommunane.
- Forskinga har gitt oss viktig ny kunnskap. Denne rapporten viser at det er viktig å prioritere lokal samfunnsutvikling i kommunane. Kommunane har òg fått eit verkty som kan hjelpe dei å prioritere. Dette er velgrunna forskingsresultat, som støttar opp under at vi akkurat har auka løyvingane til Bulystprogrammet, seier statsråd Liv Signe Navarsete.
Mulegheiter for lokal samfunnsutvikling blir helst definert og prioritert lokalt, midlane blir nytta til ei rekkje ulike tiltak og formål. Til dømes fysisk stadutvikling, omdømmearbeid, profilering knytt til reiselivsverksemd, ulike buformer, utvikling av tenester, integrering og mottak av tilflyttarar.
Telemarksforsking har utarbeidd ein modell som viser korleis lokal samfunnsutvikling heng saman med vekst i folketalet. Forskarane har òg allereie brukt modellen til å gjere analysar. Dei fann at nokre kommunar veks til tross for at antal arbeidsplassar ikkje veks, verken i eigen eller nærliggande kommunar.
- Konklusjonen er at arbeid med lokal samfunnsutvikling er viktig for å skape meir attraktive lokalsamfunn, som folk vel å bu i, seier statsråd Navarsete.
Ulsteinvik som vann Statens pris for attraktiv stad i fjor, er ein av kommunane som kjem særleg godt ut i analysane frå Telemarksforsking.
- Me finn òg kandidatar til årets pris i denne lista, slik som Herøy kommune i Nordland, som saman med Kirkenes, Norheimsund, Ringebu og Fagernes er dei fem finalistane til årets pris. Dei skal no vurderast som det beste døme på ein stad der ein arbeider målretta med utvikling som fører til kvalitetsmessig og estetisk opprusting, og som slik har auka folks trivsel, tilhøyrsle og stoltheit for staden, seier Liv Signe Navarsete.
Ei auke i bruk av midlar til slike formål, har gitt eit tydeleg behov for å auke kunnskapen om korleis denne innsatsen heng saman. Kommunal- og regionaldepartementet ga derfor hausten 2012 Telemarksforsking i oppdrag å finne ut kva utfordringar prosjekta er meinte å møte, og kva resultat initiativtakarane ventar frå prosjekta.
- Arbeid for ein attraktiv stad blir stadig høgare prioritert både lokalt, regionalt og nasjonalt, særleg i samband med lokal samfunnsutvikling. Samstundes er det eit viktig mål for den nasjonale distrikts- og regionalpolitikken. Attraktive stader er eit av tre hovudmål for regional- og distriktspolitisk innsats, og viktig for å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret i Noreg, seier kommunalministeren.
Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.