Historisk arkiv

Nynorsk journalistpris til Astrid Brekken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

NRK-journalist Astrid Brekken (67 år) får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 25. juni.

Astrid Brekken Foto: NRKNRK-journalist  Astrid Brekken (67 år) får Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2010. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 25. juni.

Astrid Brekken er i dag mest kjend frå P2-programma ”Sånn er livet” og ”På livet laus”. Det finst mest ikkje eit emne Brekken ikkje har teke føre seg og laga god journalistikk av sidan ho byrja i NRK i 1971.

Ho var også med og drog i gang vekebladet Sirene i 1973, var redaktør i Syn og Segn 1980-83 og har vore aktiv i alt frå Norsk Språkråd og Norsk Kvinnesaksforeining til Forum for Systemdebatt. Sidan 1976 har ho også drive heimegarden i Lesja.

Klypp frå juryen si grunngjeving for prisen:

- Astrid Brekken har i ein kvinnealder vore markant til stades i norsk samfunnsdebatt på mange arenaer, og heile tida har ho hatt eit svært medvite forhold til nynorsk.

- Ho er ein nyfiken og intellektuell journalist, oppteken av korleis vi lever liva våre i både bygd og by, lokalt og internasjonalt.

- Astrid Brekken er eit naturleg førebilete for yngre kollegaer, og nyt stor respekt i NRK, utan å framheve eigen kunnskap og dugleik. Ho har heile tida nytta ein nynorsk med Brekken-signatur; sobert, og med eit svært medvite forhold til tillatne former som høver til dialekten hennar frå Lesja.

Intervju med Astrid Brekken

I juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar sit NRK-journalist Gry Molvær, leiar, sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Prisen er på 50.000 kroner og eit norsk kunstverk.

Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg med bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken status og innpass på nye område.

Tidlegare prisvinnarar er Linda Eide, NRK, Kjell-Erik Kallset, Dagsavisen, Odd Reidar Solem, TV 2 og Ronny Brede Aase, NRK P3.

Bildet: Astrid Brekken. Foto/NRK