Nytt styre for Fond for lyd og bilde oppnemnt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Kulturdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.01.2012
Kulturdepartementet har oppnemnt nytt styre i Fond for lyd og bilde for perioden 1. januar 2012 til 31. desember 2014. Kommunikasjonssjef i FN-sambandet Torbjørn Urfjell er oppnemnd som ny styreleiar.
Kulturdepartementet har oppnemnt nytt styre i Fond for lyd og bilde for perioden 1. januar 2012 til 31. desember 2014. Kommunikasjonssjef i FN-sambandet Torbjørn Urfjell er oppnemnd som ny styreleiar.
Styret har sju medlemer med personlege varamedlemer. Leiar og personleg varamedlem for leiaren vert oppnemnde direkte av Kulturdepartementet. To styremedlemer med varamedlemer vert oppnemnde etter innstilling frå produsentorganisasjonane. Fire medlemer med varamedlemer vert oppnemnde etter innstilling frå opphavsretts- og utøvarorganisasjonar som fondet vedkjem. Dei oppnemner to representantar kvar.
Styret har fått slik samansetjing:
Leiar: kommunikasjonssjef Torbjørn Urfjell, Gjerstad
Varamedlem: direktør Mari Fjærtoft Trondsen, Asker
Representantar for produsentorganisasjonane:
Medlem: Marte Thorsby, Oslo, direktør IFPI
Varamedlem: Larry Bringsjord, Drammen, direktør FONO
Medlem: Leif Holst Jensen, Oslo, generalsekretær Norske Film & TV-produsenters Forening
Varamedlem: Asle Vatn, Oslo, produsent Friland AS
Representantar for opphavsrettsorganisasjonar:
Medlem: Ragnar Bjerkreim, Oslo, NOPA
Varamedlem: Bjørn Bolstad Skjelbred, Oslo, Norsk komponistforening
Medlem: Lene Therese Teigen, Oslo, Norske Dramatikeres Forbund
Varamedlem: Tone Myskja, Fall, Norske Billedkunstnere
Representantar for utøvarorganisasjonar:
Medlem: Anders Hovind, Oslo, Musikernes fellesorganisasjon
Varamedlem: Grete Valstad, Oslo, forbundssekretær Norske dansekunstnere
Medlem: Hilde Wahl, Lørenskog, GramArt
Varamedlem: Toni Usman, Oslo, Norsk skuespillerforbund