Historisk arkiv

Statsbudsjettet

Felles låg meirverdiavgift på papir- og e-aviser

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

- Regjeringa har starta ein prosess med sikte på å notifisere ein felles, låg meirverdiavgiftssats på 8 prosent for papiraviser og elektroniske aviser til EFTAs overvåkingsorgan (ESA).

- Regjeringa har starta ein prosess med sikte på å notifisere ein felles, låg meirverdiavgiftssats på 8 prosent for papiraviser og elektroniske aviser til EFTAs overvåkingsorgan (ESA). Regjeringa vil bidra til innovasjon og utvikling for mediebransjen. For regjeringa er det viktig at bransjen sjølv vel kva distribusjonskanal avisene skal formidle sitt innhald gjennom. Verkemidla må vere nøytrale. Ein felles låg sats vil fjerne hindringane for innovasjon som ligg i dagens avgiftsmessige skilje mellom papir- og e-aviser, seier kulturminister Thorhild Widvey.

I dag har papiraviser momsfridom, medan e-aviser blir omsette med standard momssats på 25 prosent. Den største delen av avisene sine lesarinntekter kjem framleis frå papiravisene. Regjeringa ønskjer difor å innføre ei overgangsordning for papiravisene med som skal vare i  5 år. 

Ein felles låg meirverdiavgiftssats for papir- og e-aviser vil måtte godkjennast av ESA før den trer i kraft. Regjeringa vil i denne samanhengen m.a. vurdere nærare korleis e-aviser skal definerast og korleis overgangsordninga for papiravisene skal utformast. Ein felles lav momssats på papir- og e-aviser kan tidligast bli foreslått i revidert nasjonalbudsjett for 2015 og tre i kraft frå 1. juli 2015.