Historisk arkiv

Kjetil Aano fekk størst oppslutning blant biskopane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at generalsekretær Kjetil Aano er best skikka til å bli ny biskop i Stavanger bispedøme.

Fleirtalet av biskopane i Den norske kyrkja meiner at generalsekretær Kjetil Aano er best skikka til å bli ny biskop i Stavanger bispedøme.

Sju av biskopane har Kjetil Aano som sitt førsteval. Tre av biskopane har Erling Johan Pettersen på førsteplass.

 

Rangering frå biskopane Nr. 1 Nr. 2 Nr. 3
Generalsekretær Kjetil Aano 7 3 -
Sokneprest Erling Johan Pettersen 3 2 2
Prost Ludvig Bjerkreim - 3 1
Domprost Øystein Bjørdal - 1 4
Generalsekretær Helen Bjørnøy - 1 3

 

Kyrkjerådet har med eit fleirtal på ti røyster tilrådd at Kjetil Aano blir utnemnd til ny biskop i Stavanger, mens eit mindretal på fem har gått inn for Erling Johan Pettersen.

Ved den rådgjevande røystinga på ny biskop fekk Kjetil Aano klart flest røyster frå dei med røysterett (sokneråda, prestane og andre vigsla i Stavanger bispedøme samt  prostane i heile landet og dei teologiske professorane).

Det er Kongen i kyrkjeleg statsråd som skal utnemne den nye biskopen i Stavanger etter Ernst Oddvar Baasland. Baasland har fått avskil i nåde frå 15. juni 2009. Utnemninga av ny biskop vil venteleg finne stad i juni.