Kalkunprodusent vart årets økoleverandør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 27.08.2010
Kalkunprodusenten Økodrift Homlagarden AS frå Hardanger er kåra til Årets leverandør av økologiske produkt 2010. Kåringa vart presentert på Den Norske Matfestival i Ålesund.
Kalkunprodusenten Økodrift Homlagarden AS frå Hardanger er kåra til Årets leverandør av økologiske produkt 2010. Kåringa vart presentert på Den Norske Matfestival i Ålesund.
|
Juryen grunngjev tildelinga med at Økodrift Homlagarden AS utmerkar seg ved å vere landets einaste profesjonelle produsent av økologisk kalkunkjøt. - Dei har ei innovativ organisering av verksemda som leiger ledige bygningar, areal og arbeidskraft frå samarbeidande bruk, heiter det vidare i utsegna frå juryen. Landbruksminister Lars Peder Brekk meiner det er viktig å løfte fram dei ekstra gode døme på dyktige produsentar - også innan økologisk landbruk. - Regjeringa har eit mål om at 15 prosent av både produsert og forbrukt mat skal vere økologisk produsert innan 2020. Dette er eit ambisiøst mål. Då treng vi gode førebilete som inspirasjon for andre som ønskjer å utvikle sin produksjon. Det er same tankegangen som ligg bak at vi i 2009 ga nokre fylke status som føregangsfylke, seier Brekk. |
![]() Styreleiar Bjørn Brynjolf Pedersen tok saman med kona Els Geelen imot trykk og diplom som teikn på at Økodrift Homlagarden AS er kåra til årets økoleverandør 2010. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga |
Økodrift Homlagarden AS har i 2009 ein produksjon av økologiske kalkun på 5 bruk i Hardanger. Produksjonen på omlag 10 000 kalkun årleg vert slakta og pakka i eige slakteri, Homlagarden fjørfe-slakteri. Styreleiar Bjørn Brynjolf Pedersen mottok prisen - eit kunsttrykk laga av Runi Langum - på Daglegvaredagen under Den Norske Matfestival i Ålesund. Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved landbruksavdelinga, Bioforsk Økologisk og Den Norske Matfestivalen i Ålesund deler ut prisen som er finansiert av Statens landbruksforvaltning.

Økodrift Homlagarden produserer 10 000 kalkunslakt årleg på fem garder i Hardanger. Økologisk kalkun er frittgåande og utegåande. Foto: Økodrift Homlagarden AS.
