Landbruks- og matdepartementet har øyremerka 10 millionar kroner over ein 5-årsperiode (frå 2006-2010) til gjennomføring av eit stølsprosjekt i Oppland, Hedmark og Møre og Romsdal.

Fylkesmannen i Oppland har i 2010 fordelt 670.000 kroner på 12 stølsprosjekt i fylket. Oppland er med sine 407 enkeltstølar og 33 fellesstølar det desidert største stølsfylket i landet.

Midla skal fremme støling som kulturberar, reiselivsprodukt og merkevare for å styrke næringsgrunnlag, sysselsetjing og bumiljø. Midla skal gå til tiltak for å styrke gardar med aktiv stølsdrift og for å leggje til rette for næringsutvikling i samband med støling. Søknadar som omfattar stølar som vert rørt av utvidinga av Ormtjernkampen nasjonalpark med tilgrensande landskapsvernområde blir prioritert.

    
Støl
Landbruks- og matdepartementet har øyremerka 10 millionar kroner til gjennomføring av eit stølsprosjekt i Oppland, Hedmark og Møre og Romsdal. Foto: LMD

Samarbeid mellom stølsfylkene
Fylkesmannen i Oppland har teke initiativ til eit samarbeid med Hedmark og Møre og Romsdal og dei tre fylka er i gang med å lage ein stølsrettleiar saman med Oppdal kommune, Fylkesmennene i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag og Norsk Seterkultur.