Departemensråd i Landbruks- og matdepartementet, Olav Ulleren, har fått tilbod om og takka ja til stillinga som administrerande direktør i LHL Helse AS. Han tek til i den nye stillinga i september.

– Eg gler meg over å ha fått tilbod om ein ny og utfordrande jobb, samstundes som det er vemodig å forlate stillinga som departementsråd i eit departement med så mange viktige og interessante oppgåver og ikkje minst dyktige medarbeidarar, seier Olav Ulleren. – Eg skulle gjerne ha halde fram i stillinga som departementsråd, men har etter ei samla vurdering allikevel valt å takke ja til tilbodet frå LHL Helse AS, seier Ulleren.

Olav Ulleren vart utnemd som departementsråd i Landbruks- og matdepartementet i desember 2008.

    Olav Ulleren
Departemensråd Olav Ulleren.
Foto: Torbjørn Tandberg