Fleire kvinner i landbruket
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 08.03.2011
Andelen av kvinner som deltek i landbruket i Noreg, har auka dei siste 30 åra viser en ny rapport fra FAO. Noreg og Sverige skil seg ut frå mange andre vestlege land der kvinnene har redusert sin del av arbeidet.
Andelen av kvinner som deltek i landbruket i Noreg, har auka dei siste 30 åra viser en ny rapport fra FAO. Noreg og Sverige skil seg ut frå mange andre vestlege land der kvinnene har redusert sin del av arbeidet. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at andelen kvinnelege eigarar aukar forsiktig
39,8 prosent av dei som var økonomisk aktive i landbruket i 2010, var kvinner, viser rapporten. I 1980 var det same talet 30,3 prosent. Også i Sverige har kvinnene auka sin del av arbeidsinnsatsen.
Utviklinga i Noreg og Sverige er ulik dei fleste andre såkalla utvikla landa verda. Frå 1980 til 2010 har delen kvinner som utgjer den økonomisk aktive delen av folket i landbruket sunke frå 43,4 prosent til 32,7 prosent. For verda sett under eitt har kvinnedelen auka moderat frå 40,1 prosent til 42,7.
Færre eigarar
Delen kvinnelege eigarar er atskillig lågare enn den delen kvinner som bidreg med arbeidsinnsats i landbruket, men det er tale om ei forsiktig auke, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. I 2000 var 13,6 prosent av dei aktive jordbruksbedriftene eigd av kvinner. I 2010 er det tilsvarande talet 14,4 prosent.
Auka kvinnemerksemd
Landbrukskontoret i ei av dei store landbrukskommunane i Noreg, Steinkjer, har akkurat starta eit pilotprosjekt for å auke merksemda mot kvinnene i landbruket og næringar knytt til landbrukseigedomar. Målet med prosjektet som skal gå over to år, er å skape ”større likestilling og mangfold i Steinkjerlandbruket” blant anna med tanke på eigarskap og rekruttering. Det er også eit mål å auke den alternative bruken av grunneigarane og bygdesamfunna sine ressursar, auka medvit om kva tyding det multifunksjonelle landbruket har for samfunnet i Steinkjer og betre grunnlag for kunnskap om kjønn og likestilling i landbruket som utgangspunkt for utforming av politikk.
- Les prosjektutforminga (pdf, 595 Kb)
Landbruks- og matdepartementet har bidrege med 200.000 kroner til prosjektet som blant anna ønskjer å bidra med malar for kvinnemerksemd som også andre kommunar kan ha nytte av etterpå.
Forsidefoto: Traktor i drift på åker. Foto. Jan Djenner, Samfoto.