Unge og nye mjølkebønder skal inspirerast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 30.08.2011
Satsinga Dagros i Dalane arbeider for framtidsretta mjølkeproduksjon i regionen. No får unge og nye mjølkebønder tilbod om to inspirasjonsdagar 7. og 8. oktober.
Satsinga Dagros i Dalane arbeider for framtidsretta mjølkeproduksjon i regionen. No får unge og nye mjølkebønder tilbod om to inspirasjonsdagar 7. og 8. oktober.
I samarbeid med Rogaland Bondelag og Samarbeidsråda for landbruksorganisasjonane i Rogaland og Vest-Agder inviterer no mjølkeprosjektet denne viktige målgruppa til 2-dagars kurs på Grand Hotell i Eigersund, fredag 7. og laurdag 8. oktober 2011. Programmet er mangfaldig og gir innføring i tema som prosess og formalitetar kring sjølve eigarskiftet, gleda ved å vere bonde, vegval i høve til aktuelle produksjonar, økonomi og HMS, samvirke, faglag, bygdeutvikling og landbruksforvaltning.
Satsinga Dagros i Dalane arbeider for framtidsretta mjølkeproduksjon i regionen. (Foto: Sindre Ellingsen, Samfoto)