Total produksjon av grønsaker på friland i 2010 er berekna til om lag 114 300 tonn. Produksjonen av grønsaker i veksthus var om lag 31 800 tonn, syner nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Totalavlinga av frukt var 14 500 tonn i 2010. Den fordelte seg på 12 000 tonn eple, 1 300 tonn plommer og 350 tonn pærer. Den samla produksjonen for morellar og kirsebær er berekna til 650 tonn. Produksjonen av bær på friland var om lag 10 000 tonn i 2010, og av dette utgjorde jordbær 7 300 tonn.

Produksjonen av hagebruksvekstar var jamt over lågare enn føregåande år. Noko av denne reduksjonen har si årsak i eit forbetra datagrunnlag frå Landbruksteljing 2010, sjå merknader i Om statistikken 5.4. Dei låge avlingane kjem også av mykje regn i starten av vekstperioden og under innhaustinga i store deler av landet.

Plomme og bringebær

Produksjonen av plommer var på 1 300 tonn og bær på friland 10 000 tonn i 2010. (Foto: Roger Hardy, Samfoto)