Historisk arkiv

Verdas gras- og beitemarker bind karbon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Verdas gras- og beitemarker bind karbon og er derfor særs viktige i klima-arbeidet. FAO har saman med kinesiske ekspertar og World Agroforestry Centre utvikla ein ny metode for å måle kor mykje karbon beitemarkene tek opp. Metoden opnar for at bønder i framtida kan få betaling for å stelle beita sine på ein mest mogleg klimasmart måte.

Verdas gras- og beitemarker bind karbon og er derfor særs viktige i klima-arbeidet. Store beiteareal er heilt eller delvis øydelagt på grunn av overbeiting. Som følgje av dette, har dei også mindre evne til å binde karbon. Nå har FNs landbruks- og matorganisasjon (FAO) saman med kinesiske ekspertar og World Agroforestry Centre utvikla ein ny, presis og enklare metode for å måle kor mykje karbon beitemarkene tek opp. Metoden gjer det enklare å dokumentere samanhengen mellom berekraftig forvalting av beite areal og karbonopptak, og opnar for at bønder i framtida kan få betaling for å stelle beita sine på ein mest mogleg klimasmart måte. 

Karbonlagring i jord har størst potensiale
- I klima-arbeidet er det med god grunn mye fokus på regnskogen. Mindre kjent er det at verdas gras- og beitemarker også spelar ei avgjerande rolle i karbonhushaldninga. FNs klimapanel har peika på auka karbonlagring i jord som det klimatiltaket med størst potensiale på verdsbasis, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

- Dette er rimelege klimatiltak som samstundes er viktige for framtidas matforsyning. Utvikling av nye målemetodar for karbonlagring i jord kan på sikt gi høve for mange fattige bønder til å få finansiert betre stell av jordbruksareala, slik at produksjonen kan aukast. I-landa får samstundes høve til å kjøpe klimakvoter og kunne være trygge på at tiltaka faktisk verkar til å fange CO2. Dette er tiltak som har berre vinnarar, sier Brekk.

Pålitelege måleresultat avgjerande
Metoden blir nå testa ut gjennom eit tiår langt prosjekt i Quinghai-provinsen i Kina. FAO har samstundes søkt om å få godkjent metoden som offisiell målemetode (Verified Carbon Standard) i tråd med kriteria i Kyoto-protokollens ”grønne utviklingsmekanisme” (Clean Development Mechanism).

- Å vere i stand til å produsere pålitelege resultat er eit must for prosjekt som ønskjer å kome inn i karbonmarknaden. Vår metode gir ikkje berre direkte måling av karbonbinding av jordprøver, men også datasimulering av karbonbinding basert på jordtype og arealbruk, forklarar Leslie Lipper frå FAO. 

Ku på beit i karrig åker

Verdas gras- og beitemarker bind karbon og er derfor særs viktige i klima-arbeidet. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)