FAO, FN si mat- og jordbruksorganisasjon, har utpekt 2012 til det internasjonale året for kooperativ. Dette speglar både ei fornya interesse for kooperativ, og auka medvite om verdiane som desse bidrar med i kampen mot sult i verda. 

- Kooperativ og produsentorganisasjonar vil berre bli enda viktigare enn før i kampen mot sult og fattigdom i verda, seier José Graziano da Silva, generaldirektør i FAO.

Graziano da Silva seier at FAO vil auke sitt samarbeid med produsentorganisasjonar og mat- og jordbrukskooperativ på landsbygdene. Disse gir auka organisatorisk, økonomisk og sosial innflytnad for småskala bønder og dei som er avhengige av fiske og skogbruk.

-FAO trenger sterke kooperativ og produsentorganisasjonar som sentrale samarbeidspartnarar i arbeidet med å utrydde sult for om lag 925 millioner menneskje. FAO kommer til å styrkje bånda til kooperativ och produsentorganisasjonar, samt lyfte fram deira bidrag til ei sikker matvareforsørgjing på eit globalt nivå, seier da Silva.

Småskalaprodusentar dreg nytte av kooperativ
Kooperativ er alle typer foretak over heile verda, frå småskala til foretak i mongemillionerdollar-klassen, i både byar og landdistrikt og innafor alle sektorar av økonomien. Den internasjonale kooperativalliansen ICA reknar med at dei har over 800 millioner medlem. I 2008 hadde dei 300 største kooperativene i verda ei samla omsetjing på 1,1 milliardar amerikanske dollar. Det kan samanlikas med BNP i dei fleste av det større landa i verda. Erfaringa syner at småskalabønder og andre produsentar styrkjast av medlemskapet i ei større samanslutning. Dei kan forhandle seg fram til betre kontraktsvilkår, lågare prisar på innsatsvarer som såvarar, vekstmiddel og fiskeutstyr, samt få tilstrekkelig innflytnad til å sikre seg markrettigheiter og marknadsmoglegheiter.

Om lag 75 prosent av den fattige folkesetnaden i låginntektsland bor på landsbygda. Dei fleste er småskalaprodusentar som er direkte avhengige av jordbruk, fiske og bufe for mat og inntekt. Til tross for dette, saknar dei ofte tilgong på dei ressursane og moglegheitane som trengst for å ta seg ut av sin ekstreme fattigdom.

I 2011 bidro meir enn 180 FAO-program og FAO-prosjekt til å byggje opp om og styrke kapasiteten i produsentorganisasjonar og lokale grupper for at dei skulle nå sine organisatoriske mål. Regionale og internasjonale jordbruksorganisasjonar og bonderørsler, fiskarar, ungdom, buferøktarar og urfolkesetnader har óg bidrege i vedtaksprosessane.

FAO planlegger no å opne eit kontor for kooperativ, den private sektoren og det sivile samfunn ved deira hovudkontor i Roma.