Historisk arkiv

Norsk frukt er populært

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er stor etterspurnad etter norskprodusert frukt og bær. For å møte eit aukande forbruk er det naudsynt å utvikle sortsmateriale som er enda betre tilpassa norske klimatilhøve. Betre lagringsmetodar kan gi grunnlag for lenger sesong og nye og betre produkt.

Det er stor etterspurnad etter norskprodusert frukt og bær. For å møte eit aukande forbruk er det naudsynt å utvikle sortsmateriale som er enda betre tilpassa norske klimatilhøve. Betre lagringsmetodar kan gi grunnlag for lenger sesong og nye og betre produkt.

Statssekretær Harald Oskar Buttedahl har hatt møte med representantar for Bioforsk Vest Ullensvang for samtaler kring framtida for norsk frukt- og grøntproduksjon.

– Vi har ei felles forståing av at forbruket aukar, og at mest mulig av aukinga skal vere frukt og bær produsert i Noreg, seier statssekretær Harald Oskar Buttedahl. Frukt og grønsaker er sunne produkt som alle ønskjer.

Omfattande prøving for å finne dei rette sortane
Bioforsk spelte inn kva slags kunnskap som må utviklast for å nå oppnå størst mulig avling av best mulig kvalitet over en lang sesong. Bioforsk meiner det er naudsynt å utvikle sortsmateriale enda betre tilpassa norske klimaforhold. Gamle og nya sortar må prøvast ut i tilstrekkelig omfang.

– Vi må utvikle og prøve sorter for norske klimaforhold, men så må vi òg lære meir om korleis vi skal behandla dette plantematerialet, seiar avdelingsleiar Mekjell Meland ved Bioforsk Vest Ullensvang.

Nye og betre produkt
Det er vidare behov for auka kunnskap om prosessar etter hausting. Bioforsk legger vekt på kunnskap om lagringsfysiologi, for å kunne utvida sesongen når norsk frukt og bær kan seljast. Det ligg eit betydeleg potensiale for å utvikle nye og betre produkt i samarbeid med næringsmiddelindustrien.

Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Harald Oskar Buttedahl i møte med Mekjell Meland, avdelingsleiar ved Bioforsk Vest Ullensvang, forskingssjefen i frukt og bær Anita Sønsteby og forskingssjefen for avdeling for plantesjukdomar Arne Stensvand.

Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Harald Oskar Buttedahl i møte med Mekjell Meland, avdelingsleiar ved Bioforsk Vest Ullensvang, forskingssjefen i frukt og bær Anita Sønsteby og forskingssjefen for avdeling for plantesjukdomar Arne Stensvand. (Foto: Landbruks- og matdepartementet)

Forsking og utviklingsarbeid heile vegen frå epletre til epleterte
Grunnleggande plantefysiologi – kunnskap om kva som skjer i plantene og når det skjer – er nødvendig for målretta kulturmetodar i ein utvida dyrkingssesong.

– Vi ønskjar å forstå mekanismane og konsekvensane av disse, for å bruke riktig verktøy til riktig tid, seier forskingssjef for frukt og bær Anita Sønsteby.

Det er òg behov for auka kunnskap om samspelet mellom skadegjerarar og kulturplanter.

– Rognebærmøll er eit eksempel på ein skadegjerar som det ikkje går an å lure med kjemiske middel, seier forskingssjefen for avdeling plantesjukdom Arne Stensvand. Da er kunnskap utvikla innan økologisk produksjon nyttig. 

Store på kunnskap gjennom nasjonalt samarbeid
Bioforsk ønskjer å arbeide tett saman med dyrkarar, mottak, rettleiingsteneste og anna forsking i åra som kjem, for at aktørane skal ha eigarskap til forskinga.

– Det er positivt med regionalt samarbeid og lokale merkevarer, seier Buttedahl. Men vi må heller ikkje gløyme at vi er eit lite land, og vi må jobbe saman over heile landet for å utvikle denne sektoren vidare. Når næringa tar initiativ og blir støtta av kunnskapsinstitusjonane og forvaltninga, er det store muligheiter for næringsutvikling, seier statssekretæren.

Om Bioforsk
Bioforsk er eit desentralisert forskningsinstitutt og er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter.