Verdiskapinga frå jordbruket i Rogaland er rekna til 1,8 milliardar kroner for 2010, og mjølkeproduksjon står for 52 prosent av desse. Av kommunane i Rogaland, er det Hå, Klepp og Time som har høgast verdiskaping frå jordbruket. 

Av den totale verdiskapinga frå jordbruket i 2010 i Rogaland, kjem 52 prosent frå mjølkeproduksjon, 13 prosent frå sauehald og 12 prosent frå svinehald. Verdiskapinga frå mjølkeproduksjon var på 951,6 millionar kroner i 2010. Arbeidsinnsatsen frå mjølkeproduksjon er berekna til 2 894 årsverk. I alt var verdiskapinga frå sauehald 241,5 millioner kroner. Arbeidsinnsatsen frå denne produksjonen er berekna til 1 428 årsverk. For svinehald er verdiskapinga berekna til 212,6 millioner kroner, og arbeidsinnsatsen i svinehaldet berekna til 541 årsverk. 

Stor sysselsetting
Samla sysselsetting i jordbruket er berekna til 6 503 årsverk. Det utgjer eit arbeidsforbruk på 12 millonar timar. Mjølkeproduksjon står for 45 prosent av sysselsetting i primærjordbruket, medan arbeidsinnsatsen i sauehaldet utgjer 22 prosent. 

Om Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning
Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) er eit frittståande og uavhengig statleg forskningsinstitutt med tilknytning til Landbruks- og matdepartementet.

Landbruk i Rogaland 
Det er kommunane Hå, Klepp og Time som har høgast verdiskaping frå jordbruket i Rogaland. (Foto: Scanpix/Unspecified)