Historisk arkiv

Innlegg nettverksamling for ”Utvalde kulturlandskap i jordbruket”

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Av: Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal

Tusen takk for invitasjonen til å kome hit til Lista. Og tusen takk for ein utruleg flott kveld i går ved Lista fyr og for synfaringa i kulturlandskapet dykkar i dag.

Som de kanskje høyrer, kjem eg frå Valdres. Sjølv om Valdres ikkje er eitt av dei utvalde landskapa i denne ordninga, meiner eg sjølvsagt at Valdres er Noregs flottaste kulturlandskap.

I Øystre-Slidre, der eg bur, har me alt frå moderne driftsbygningar med høgteknologiske løysingar til aktiv stølsdrift – begge delar formar kulturlandskapet. Helg for meg startar som regel med verdas vakraste bussreise, på Valdresekspressa. Og sjølv om eg også likar skog, skal eg innrømme at jordbrukslandskapet er meir spanande å studere på denne turen heim.

Om to veker er eg blitt invitert med av min svoger for å få buskapen heim frå stølen, og det gler eg meg til. Det er ingenting som er betre enn å få ta del i opplevingar som handlar om å ta vare på kulturlandskapet, men som også handlar om verdiskaping i fjellbygdene. Ikkje berre er kyrne ein del av kulturlandskapet i Valdres – dei lagar også Noregs beste mjølk! Så får me sjå om eg etter kvart kan bli Valdres beste budeie. Eg har eigentleg mine tvil om det, og har ei kjensle av at grunnen til at eg er blitt invitert til å vere med nettopp er for å bevise at eg egnar meg betre som pratemakar enn som mjølkebonde, men spanande skal det bli likevel.

Eg skal prøve å ikkje prate meir om Valdres no, men rette blikket mot hovudpersonane her i dag; nemleg dei kulturlandskapa som er med i satsinga "Utvalde kulturlandskap i jordbruket".

Eg vart kjend med satsinga "Utvalde kulturlandskap i jordbruket" lenge før eg kom inn i Landbruks- og matdepartementet. Eg flytta til Vågå kommune i 2010, og då eg skulle bli kjend i kommunen hugsar eg at det fyrste som vart nemnd om grenda Nordherad, var at dei var plukka ut som eit av dei utvalde kulturlandskapa i Noreg. Og det hugsar eg vart nemnd med stoltheit av ulike aktørar i kommunen. Det som også vart nemnd var at det var eit stort engasjement generelt for å få til aktivitet i grenda, og at det var ei grend heilt utanom det vanlege.

Det viser kanskje at lokalt engasjement og flott kulturlandskap heng saman. Engasjerte innbyggjarar i ei grend påverkar kvarandre, og det påverkar også kulturlandskapet.

Politikk påverkar også kulturlandskapet. Det er det ingen tvil om. Og mykje blir sagt og er blitt sagt om den politikken vi i Landbruks- og matdepartementet fører og kva for konsekvensar den har for kulturlandskapet.

Det har jo vore enorm merksemd knytt til landbruk etter regjeringsskiftet. Mange meiner også mykje om konsekvensar av politikken vi fører. Det gjer også de – for eg har nemleg lese evalueringa som er gjort av satsinga, og der fann eg også eit sitat om den blåblå politikken i regjeringa:

Ja jeg ser spesielle utfordringer for satsingen når vi nå har fått en blåblå regjering som bare vil ha stort industrilandbruk i landet med få driftsenheter. Det vil gi avfolkning, og gå på bekostning av det biologiske mangfoldet, kulturminner og bebyggelse.

Fyrst; la det vere heilt klart – denne regjeringa ynskjer landbruk over heile landet. Det la også jordbruksoppgjeret opp til, ved at me ikkje gjorde noko med distriktstilskota. Det vil seie at bønder til dømes i Nord-Noreg eller i fjellbygdene får meir i støtte enn på det sentrale Austlandsområdet.

Me ynskjer heller ikkje "stort industrilandbruk i landet med få driftseiningar". Noreg har små gardsbruk samanlikna med til dømes Sverige og Danmark. Slik kjem det framleis til å vere. Me har spesiell geografi, topografi og klimatiske forhold her i Noreg, noko som gjer at strukturen kjem til å vere annleis her enn i mange andre land.

Det me derimot ynskjer er at bøndene skal bestemme meir og staten skal bestemme mindre. Me ynskjer ikkje å legge oss opp i driftsform, men at bøndene sjølve i større grad må få bestemme kva for måte som er rett å drive for dei. Dei som har føresetnader for å bli større, skal ha moglegheit til å bli det. Dei som ynskjer å drive lite skal sjølvsagt fortsette med det.

Denne regjeringa er sjølvsagt også oppteken av å ivareta kulturlandskapet.

Eg er likevel opptatt av at me ikkje skal slenge om oss med honnørord og seie "at det er viktig" utan at me reflekterer rundt kvifor akkurat det er viktig. Eg meiner at me må våge å stille oss spørsmål om kvifor noko er viktig, og om det er viktig, skal det offentlege bruke pengar på det? Og det er faktisk ikkje slik at resultata blir betre sjølv om me kastar meir pengar etter ei utfordring – me har mange døme på at meir pengar ikkje løyser det me ynskjer å løyse.

Det elementet med kulturlandskap som oftast er framme i media er det som er knytt til attgroing av landskapet. "Noreg gror att" kan me lese ofte i media, og me får sjå bilete av korleis enkelte område i Noreg har endra seg og grodd att med skog og kratt.

Ofte er det altså det estetiske perspektivet som blir trekt fram, og det verkar i blant som om me i bygdene berre skal halde kulturlandskapet flott for at turistane som kjem på besøk skal ha noko flott å sjå på.

Men dei som driv landbruk gjer jo ikkje dette fyrst og fremst for at turistane skal ha noko flott å sjå på når dei kjem på besøk om sommaren – fyrst og fremst er jo utvikling av kulturlandskap ei effekt av ynskje om å skape økonomiske verdiar og om å utvikle jordbruket. Me let jo dyra beita fordi det lønner seg økonomisk å la dei beite, og skal dyra beite, så må me jo sjølvsagt finne det lønnsamt å ha beitedyr. Det syner at lønnsemd i landbruket og kulturlandskap heng saman.

Eg er opptatt av at me ikkje skal framstille landskap – og då spesielt kulturlandskap som noko statisk. Landskap påverka av menneske har endra seg gjennom tusenvis av år, og det kjem det framleis til å gjere.

Naturen er i utvikling og har alltid vore det, og kulturlandskapet er også ein omskiftelig størrelse. Det er alltid eit resultat av tidas materielle kultur og næringsliv og strevet for betre utkome. Med endra reiskap og maskinar, nye driftsformer og endra økonomiske tilhøve, endrar også kulturlandskapet seg.

Kulturlandskapet må vere eit resultat av samvirke mellom fortidas og notidas verdiar. Dette er eit spanande felt som de alle saman står midt oppe i. Krevjande, men viktig! Eg er opptatt av at landskapet ikkje skal låsast fast i eit eller anna ideal, som eit slags museum. Det må vere grunnlag for utvikling, og for ny og moderne næringsdrift.

Eg har fått med meg at evalueringa som er gjort av Utvalde kulturlandskap nettopp peikar på at arbeidet med næringsutvikling er eit område som ein bør styrke. Det er difor inspirerande å sjå at de her på Lista har merksemd på korleis Utvalde kulturlandskap kan bidra til auka utkome.

Å skape meirverdi er ekstremt viktig. Ja; å drive med landbruk har ein verdi i seg sjølv. Men det er berre å innrømme det; det er også viktig at dei som driv innanfor landbruk tener pengar.

Me veit at er ein aukande etterspurnad etter miljøverdiar, kortreist mat, økologi og så vidare. Det betyr at det her er ei unik sjanse for dykk til å ta ut pengar i marknaden – knytt til mellom anna reiseliv. Eg kan love dykk ein ting; og det er at pengane gjennom denne ordninga ikkje kjem til å vare evig. Det betyr ikkje at eg seier at pengane forsvinn på kort sikt, men at de må bruke den støtta og oppmerksemda de får gjennom denne ordninga smart. Målet må vere at ein skal klare å stå på eigne bein. De også må auke verdiskapinga og også tenkje marknadsretta.

Eit anna område som vart trekt fram i evalueringa er det som handlar om formidling. Som utdanna lærar er eg oppteken av å få verdiar i landbruket og i kulturlandskapet ut til både skular og barnehagar. Eg vil råde dykk til å vere offensive her. Dei fleste lærarane er positive om de tek kontakt for å høyre om det er noko dykk kan samarbeide om.

De har ein unik moglegheit til å formidle mykje kunnskap gjennom kulturlandskapet dykkar. De kan fortelje lokalhistorie, de kan lære elevane om geografi, naturfag og eg er heilt sikker på at det er segn og soger knytt til landskapa dykkar som kan inngå i norskfaget. Kanskje er det mattradisjonar de kan formidle, og eg er heilt sikker på at landskapa dykkar er godt egna til å oppnå kompetansemål innan kunst og handverk. Her er det berre fantasien som sett grenser, og eg er i alle fall trygg på at når eg ein gong vender attende til læraryrket, så kjem eg til å bruke landbruket rundt meg for alt det er verdt.

Satsinga "Utvalde kulturlandskap" skal bygge på frivillige avtalar. Ei føresetnad for satsinga er aktiv bruk, og ikkje vern. Eg har skjønt at mange grunneigarar er skeptiske til vern, og eg har også fått med meg at ein del er skeptiske til miljøavdelinga hjå Fylkesmannen. Det las eg i evalueringa. Ein slik skepsis uttrykker også mange eg møter når eg er ute og reiser, og eg høyrer ofte ting som "no går vernehysteriet for langt".

Det er jo ingen løyndom at miljømyndigheita og landbruksmyndigheita enkelte gonger er litt ueinige om det som er knytt til vern. Det er vel heller ingen løyndom at det opp i gjennom åra har vore diverse kampar mellom Landbruksdepartementet og Miljødepartementet om akkurat det som handlar om bruk og vern. Slik usemje er det enkelte gonger no også, og sjølv om eg kan vere ekstremt ueinig med Lars Andreas Lunde om enkelte ting, er det på ein slags måte bra at me i blant dreg i kvar vår retning – då får me fram ulike perspektiv som er viktige når me skal utvikle samfunnet.

I ordninga med Utvalde kulturlandskap, står miljø og landbruk i saman. Me seier i lag at det me gjer her er viktig. Det er også slått fast at dette skal vere basert på frivilligheit, og slik skal det framleis vere. Ja, det er viktig å bevare, men det er jammen viktig å utvikle også. Det trur eg både statssekretæren i Miljø- og klimadepartementet og eg er samde om.

I landbrukspolitikken har me mange økonomiske verkemidlar, både til næringsutvikling og til miljø og kulturlandskap. Tilskot til Utvalde kulturlandskap er berre ei av ordningane. I årets jordbruksoppgjer har me varsla at me skal gå gjennom alle miljøordningane. Dette omfattar både Utvalde kulturlandskap, verdsarvområda og miljøtilskot som SMIL og regionale miljøprogram (RMP). Gjennomgangen skal syne korleis ein kan forenkle virkemidla og samstundes målrette dei betre enn i dag. Evalueringa av Utvalde kulturlandskap vil vere eit godt innspel i den samanhang.

Eg vil avslutte med å gje honnør for den innsatsen de gjer, alle saman, i kvart av dei utvalde områda. Takk for at eg fekk vere saman med dykk her i dag og i går kveld, og lukke til med resten av samlinga!