Høyring - Endringar i jordlova § 12

Forslaga i høyringsnotatet er ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011-2012) om Landbruks- og matpolitikken (landbruksmeldinga) der Regjeringa mellom anna set fram forslag om å lempe på delingsføresegna i jordlova.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 07.03.2013

Vår ref.: 12/822

Forslaga i høyringsnotatet er ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011-2012) om Landbruks- og matpolitikken (landbruksmeldinga) der Regjeringa mellom anna set fram forslag om å lempe på delingsføresegna i jordlova. 

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd eit forslag som gir kommunane eit vidare handlingsrom til å tillate frådelingar ut frå dei konkrete utfordringane som finst i området der eigedomen ligg. Det vert foreslått å oppretthalde søknadsplikta, men departementet vil endre fokus bort frå ein restriktiv forbodstanke. Utgangspunktet skal vere at deling kan tillatast dersom det ikkje går ut over dei interessene delingsføresegna skal verne. 

Der formålet med delinga inneber at dyrka eller dyrkbar jord skal takast i bruk til andre formål enn jordbruksproduksjon, foreslår departementet at delingssamtykke ikkje skal kunne givast før det er gitt samtykke til omdisponering. Delingssamtykke skal heller ikkje kunne givast i dei tilfella der frådeling krev dispensasjon etter plan- og bygningslova. 

Departementet foreslår vidare å oppheve dei lovfesta vilkåra om at delingssamtykke berre kan givast dersom det ligg føre samfunnsinteresser av stor vekt, eller det  er forsvarleg ut frå den avkastinga eigedomen kan gi. Dette gir kommunen eit større handlingsrom til å bruke lokalt skjønn. Departementet foreslår vidare at vurderinga av om det skal givast samtykke skal ta utgangspunkt i målet i jordlova § 1 om å ha ein tenleg, variert bruksstruktur. Sentrale moment i vurderinga skal vere om deling fører til ei driftsmessig god løysing, om deling gir betre samsvar mellom eigedoms- og bruksstruktur, og omsynet til vern av landbruksressursane. Det kan også leggjast vekt på andre relevante forhold dersom dei fell innafor jordlovas formål. Forslaget går fram av nytt tredje ledd i føresegna. 

I nytt fjerde ledd foreslår departementet at sjølv om kommunen ved avveginga ovanfor kjem til at samtykke til deling ikkje bør givast, skal kommunen ha moglegheit til å dele frå dersom deling vil ivareta omsynet til busetjinga i området.

I tillegg foreslår departementet ein forskriftsheimel som skal gi moglegheit til å fastsetje unntak frådelingsføresegna. Heimelen vil gjelde frådeling av mindre areal i samband med grensejustering etter matrikkellova.

Forslaga er ei oppfølging av landbruksmeldinga og gjeld berre delingsføresegna. Høyringsfristen er sett til seks veker og departementet ber om uttale innan 7. mars 2013, gjerne elektronisk til postmottak@lmd.dep.no.

Høyringsdokumenta er lagt ut på departementets heimeside: https://www.regjeringen.no/nn/dep/lmd/dokument/Hoyringar/Hoyringsdokument/2013/hoyring---endringar-i-jordlova--12.html?id=712586 

 

Med helsing 

Inger Grette (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                                                          Marianne Smith
                                                                                          seniorrådgjevar 

Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskrive signaturar

 

 

  • Departementene
  • Fylkesmennene
  • Fylkeskommunene
  • Kommunene
  • Den Norske Advokatforening
  • Norges Bondelag
  • Bygdekvinnelaget
  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag
  • Bygdeungdomslaget
  • Den norske Dommerforening
  • Domstolsadminsistrasjonen
  • Norges eiendomsmeglerforbund
  • Jenter i Skogbruket
  • Kommunenes interesse- og arbeidsgiverorganisasjon
  • Likestillings- og diskrimineringsforbundet
  • NORSKOG
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Sametinget
  • Norges Skogeierforbund
  • Statens landbruksforvaltning