Historisk arkiv

Freda fangeleir i Narvik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Riksantikvaren har freda den sokalla Serbarleiren frå andre verdskrigen ved Øvre Jernvann i Narvik. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim avduka monumentet.

Riksantikvaren har freda den sokalla Serbarleiren frå andre verdskrigen ved Øvre Jernvann i Narvik. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim avduka monumentet.

Ei mengd personar frå Noreg og Serbia, blant anna den serbiske og bosniske ambassadøren i Noreg, var samla ved Øvre Jernvann onsdag 22. juni for å markera fredninga.

- Med dette gir vi eit bidrag til at forteljinga om det gruelege som skjedde under krigen blir ført vidare. Vi skal hedre våre heltar, men vi skal ikkje gløyme at det døydde dobbelt så mange utlendingar i Noreg under krigen som nordmenn. Eg trur denne fredinga også skapar sterkare band mellom Noreg og Serbia, sa miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Det finns ikkje lenger nokon bygningar att i området, men Riksantikvaren meiner det er riktig å verne staden. Tuftene ved Øvre Jernvann er nemleg blant dei få spora som er att etter dei rundt 500 tvangsarbeidsleirane som fantes i Noreg under krigen. Leiren er også et gravsted.

I 1942 ble 900 jugoslaviske fangar sendt til Beisfjorden utanfor Narvik. Fire månedar seinare var 748 av dei daude. Det braut ut tyfus i leiren, og på berre ein  natt vart 287 massakrerte – skotne eller brent inne i brakkene. Dei nærare 600 friske fangane blei sett til vegarbeid på Bjørnefjell og frakta til Øvre Jernvann før massakren. Denne leiren oppe i fjellet skulle fungere som karanteneleir. I løpet av fem veker mista 242 menneske livet her.

– Den vanskelege historia må verken blir gløymd eller fortia. Vi treng varige markeringar for dei stadene som har spor etter det gruelege. Dette skylder vi dei etterlatte og deira hjemland. Dette skylder vi også dei unge i dag. Det er dei som vil stille dei vanskelege spørsmåla om krigen, sa riksantikvar Jørn Holme.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim under markeringa av fredinga av Serberleieren ved Øvre Jernvann i Narvik. Foto: Jon Berg, Miljøverndepartementet.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim under markeringa av fredinga av Serberleieren ved Øvre Jernvann i Narvik. Foto: Jon Berg, Miljøverndepartementet.