Historisk arkiv

Semje om makrell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg, Færøyane og EU blei i dag einige om ein trepartsavtale om fordeling og forvaltning av makrell for 2015. Avtaledokument - forvalting makrell Norge - EU 2015

Noreg, Færøyane og EU blei i dag einige om ein trepartsavtale om fordeling og forvaltning av makrell for 2015.

 - Eg er glad for at vi har lukkast i å få på plass ei omforent forvaltning av makrellbestanden mellom tre av kyststatane, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Eg hadde sjølvsagt helst sett at også Island var ein del av avtalen, men vi kan framleis leve godt med ein trepartsavtale.

 - Det er viktig for Noreg å sikre ei ansvarleg forvaltning av makrellen. Når det i møtet mellom alle kyststatane viste seg ikkje å vere mogeleg å oppnå ei semje, så er vi frå norsk side fornøgde med ein trepartsavtale mellom Noreg, Færøyane og EU, seier Aspaker.

- Avtalen dekkjer det desidert mest vesentlege av utbreiingsområda til makrellen, seier fiskeriministeren.

 Partane er einige om ein totalkvote på 1 054 000 tonn. Dette inneber ein kvote på 237 250 tonn til Noreg, 519 512 tonn til EU og 132 814 tonn til Færøyane. Det er sett av 164 424 tonn for fiske av andre land.