Idear frå tilsette gir auka innovasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Nyheit | Dato: 14.12.2011
Ei ny handbok skal hjelpe bedrifter til å utnytte dei tilsette sin kompetanse betre.
NHO-leiar John G. Bernander, LO-leiar Roar Flåthen, statsråd Trond Giske, forskingsleiar Tone Merethe Berg Aasen (NTNU) og forskingssjef Kåre Hansen (IRIS) (Foto: Tor-Ivar Wammer/NHD)
Ei ny handbok skal hjelpe bedrifter til å utnytte dei tilsette sin kompetanse betre.
Nærings- og handelsminister Trond Giske fekk overrakt handboka saman med LO-leiar Roar Flåthen og NHO-leiar John G. Bernander på LO og NHO sin Felleskonferanse i Oslo tysdag.
Det er IRIS og NTNU Samfunnsforskning AS som har utarbeidt handboka på oppdrag frå Nærings- og handelsdepartementet. Boka er meint som ein reiskap for norske bedrifter som ønskjer å realisere meir av potensialet som ligg i medarbeidarane sin kompetanse og idear, såkalla medarbeidardrive innovasjon. Forskarane har også levert ei utgreiing om dette temaet.
Ei undersøking gjord blant leiarar, tilsette og tillitsvalde i 20 norske bedrifter viser at det er økonomisk lønnsamt for ei bedrift at medarbeidarane sjølv deltek aktivt i utviklinga av varer, tenester og produksjonsprosessar. Undersøkinga som er framstilt i handboka, slår fast at medarbeidardrive innovasjon har gode vilkår i Noreg på grunn av det gode partssamarbeidet, flate strukturar og ein godt utdanna arbeidsstokk.
Medarbeidardrive innovasjon (MDI) er eit fellesnamn for dei tilsette sin aktive medverknad i utviklinga av varer, tenester og produksjonsprosessar. MDI byggjer på bedrifta sin viktigaste ressurs - den einskilde medarbeidaren.
LO og NHO har vore med på å velje ut gode bedriftseksempel til handboka. LO og NHO vil også hjelpe til med spreiinga av boka, blant anna på www.fellestiltak.no.
Handboka og utgreiinga kan lastast ned her: