Den nye minerallova som tok til å gjelde 1. januar 2010, førte til betre rammevilkår for mineralnæringa. I det vidare arbeidet med minerallova, har Nærings- og handelsdepartementet utarbeidd ein rettleiar til lova. 

Formålet med rettleiaren er å gi ei oversikt over sentrale element i minerallovgivinga når det gjeld forvaltning av mineralressursar og rettar og plikter for tiltakshavarar og andre. I tillegg gir rettleiaren ei kort oversikt over anna regelverk som vil gjelde ved leiting etter, undersøking av og drift på mineralske førekomstar.  

Rettleiaren er meint å vere eit avklarande verkty for mineralnæringa, kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn, andre offentlege styresmakter, grunneigarar og andre rettshavarar og interesseorganisasjonar.  

Last ned rettleiar.