Historisk arkiv

Innovasjonslån til nyetablerarar og oppstart-bedrifter

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Statsbudsjettet 2008

Regjeringa vidareutviklar Innovasjon Norge si ordning med landsdekkjande risikolån til ei ny ordning med landsdekkjande innovasjonslån. Samtidig vert låneramma utvida frå 100 millionar kroner til 300 millionar kroner.

– Bedrifter i heile landet vil nyta godt av dette. Innovative vekstbedrifter har ofte eit stort utviklingspotensiale, og innovasjonslåna skal stimulere til å utnytte dette betre, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Den nye ordninga skal i større grad rettast mot innovasjon og internasjonalisering, og er primært retta inn mot tidleg- og kommersialiseringsfasen i bedriftene. Ordninga skal særleg styrkje innsatsen for bedrifter i sentrale strøk. Innovasjonslåna skal bidra der private aktørar åleine ikkje nødvendigvis strekkjer til med kapital.

Sjå også St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet kap. 2421.