Historisk arkiv

Årets kvinnelege gründer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Kristianne Storehaug (39) er kåra til årets kvinnelege gründer. For andre år på rad deler magasinet HENNE ut denne prisen til ein ung, kvinneleg gründer som har utmerka seg med ein original idé, eit bærekraftig prosjekt og gode resultat. Prisen vart delt ut av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

- Denne prisen er viktig fordi den bidrar til å få fokus på kvinnelege entreprenørar, og blant mange gode kandidatar vann Storehaug velfortent. Regjeringa satsar på entreprenørskap, og om kort tid vil me leggja fram ein handlingsplan for kvinneleg entreprenørskap, sa Dag Terje Andersen.

Kristianne Storehaug har starta IT-selskapet Integrate AS. Selskapet held til i Oslo og har 60 tilsette. Bedrifta hjelper store konsern med å gjera IT-løysingane meir lønsame og effektive. Juryen grunngjev tildelinga slik:

"Kristianne Storehaug har bygget opp en stor bedrift på kort tid. Intergrate har solid overskudd som gjør den i stand til å fortsette å vokse og utvikle nye arbeidsplasser. Storehaug bidrar med sitt framtidsrettede produkt til omstilling og innovasjon i næringslivet. Samtidig gir hun kvinner et ansikt innenfor en tradisjonelt mannsdominert bransje."

Juryen har bestått av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen, administrerande direktør Gunn Ovesen i Innovasjon Norge, grunnleggjar av Arts & Crafts og fjorårets vinnar Birgit Løitegaard og sjefredaktør i HENNE, Ellen Arnstad.

Ellen Arnstad, Kristianne Storehaug og Dag Terje Andersen.