Gassnova

Gassnova SF er statens føretak for CO2-handtering. Gassnova SF blei oppretta 3. juli 2007 og høyrer inn under Olje- og energidepartementet, som representerer staten som eigar. Frå og med 1. januar 2008 blei all aktivitet i forvaltingsorganet Gassnova overført til Gassnova SF. Føretaket er lokalisert i Porsgrunn.

Gassnova SF har som formål å forvalte statens interesser knytte til CO2-handtering, medrekna CO2-fangst,  transport, injeksjon og lagring. Denne aktiviteten omfattar teknologiutvikling, realisering av utbyggingsprosjekt og rådgiving av Olje- og energidepartementet.

Teknologiutviklinga blir i særleg grad realisert gjennom CLIMIT, det nasjonale programmet for støtte av forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fossilt basert kraftproduksjon i industrien med fangst og lagring av CO2. Frå hausten 2010 støttar programmet òg teknologiutvikling av CO2-fangst frå punktutslepp i industrien. Gassnova SF finansierer demonstrasjons- og kommersialiseringsdelen av programmet, mens Forskingsrådet finansierer forskingsdelen. I statsbudsjettet for 2011 er det foreslått til saman 180 millionar kroner til programmet.

Gassnova SF gjennomfører dei oppgåvene som føretaksmøtet bestemmer, inkl. utbyggingsprosjekt. Selskapet har ansvaret for desse prosjekta:
• CO2 Technology Centre Mongstad (TCM)
• Fullskala fangst Mongstad
• Fullskala transport og lagring av CO2

Tildelingsbrev

Kontaktinformasjon

Gassnova

Telefon: 35 93 22 00
Faks: 35 93 22 01

Nettsida til Gassnova

Adresse:

Dokkvegen 10, Porsgrunn Næringspark, 3920 Porsgrunn

Sist oppdatert: 16.05.2011