Anslår 378 milliardar kroner i petroleumsinntekter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Olje- og energidepartementet
Pressemelding | Dato: 15.05.2012
Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er i Revidert nasjonalbudsjett anslått til 378 milliardar kroner i 2012. Dette er 26 milliardar høgare enn det som vart lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet for 2012. Investeringane i petroleumsnæringa er anslått til om lag 171 milliardar kroner.
RNB 2012
Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er i Revidert nasjonalbudsjett anslått til 378 milliardar kroner i 2012. Dette er 26 milliardar høgare enn det som vart lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet for 2012. Investeringane i petroleumsnæringa er anslått til om lag 171 milliardar kroner.
- Petroleumsnæringa er den største og viktigaste næringa i Noreg. Ein høg oljepris og eit høgt aktivitetsnivå legg til rette for høg verdiskaping. Regjeringa anslår i Revidert nasjonalbudsjett at næringa i 2012 vil bidra med over 378 milliardar kroner til statskassa. Dette er ein auke på 26 milliardar kroner frå Nasjonalbudsjett 2012, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.
Auken i inntektene er i all hovudsak skulda ein høgare oljepris. Av kontantstraumen er skattar og avgifter om lag 228 milliardar kroner. Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) er rekna til136 milliardar kroner. Foreslått utbyte frå Statoil er nesten 14 milliardar kroner. For 2013 er statens netto kontantstraum forventa å vere vel 370 milliardar kroner.
Oljeprisen har auka ytterlegare frå i fjor til i år. Gjennomsnittsprisen på nordsjøolje ligg så langt i 2012 på om lag 685 kroner per fat. Prisen er no litt lågare, men ein reknar med at oljeprisen vil være relativt høg også i resten av 2012. I det reviderte budsjettet er oljeprisføresetnaden oppjustert med 75 kr og ein legg nå til grunn ein oljepris på 650 kr per fat i 2012.
Sterk vekst i etterspørselen etter olje, sanksjoner mot oljeeksporten frå Iran og uro i andre oljeeksporterande land i Midtausten og Nord-Afrika bidreg til prisauken. Oljeproduksjonen frå norsk sokkel (inkludert NGL og kondensat) er anslått til 2,0 millionar fat oljeekvivalentar (o.e.) per dag i 2012, ein liten nedgang. Gassproduksjonen er om lag som i 2011 og ein forventar ein produksjon i år på 107 milliardar standard kubikkmeter (Sm3). Gassproduksjonen vil også i 2012 utgjere om lag 48 prosent av den samla petroleumsproduksjonen. Dei totale utvinnbare ressursane på norsk sokkel er i ressursrekneskapen for 2011 berekna til om lag 12,8 milliardar Sm3 oljeekvivalentar.
Aktiviteten er høg innan alle fasar av petroleumsverksemda.
- Å maksimere ressursuttaket frå felt i produksjon er ein sentral del av regjeringa sin petroleumspolitikk. Nye utbyggingar og oppgraderingar på eksisterande felt gjev eit høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel. I tillegg er leiteaktiviteten høg og det blei i 2011 gjort fleire svært lovande funn. Dette skapar arbeidsplassar og ringverknader over heile landet og legg grunnlag for ei næring i fleire tiår framover, både til havs og på land, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.