Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
23. oktober 2006
Stavanger
Plansjar, pdf
Kjære alle saman.
Takk for invitasjonen til å vere
med på opninga av den nasjonale sykkelkonferansen i Stavanger.
Dette er noko eg set stor pris på, og eg ser fram til å høyre på
mange spennande innlegg. Eg vil rose arrangementskomitéen for å ha
sett i saman eit godt program.
Hovudtemaet for konferansen er
sjølvsagt sykkel og sykkelbruk. Personleg vil eg nok ikkje
karakterisere meg sjølv som ein ”storbrukar” av sykkel, men eg har
då sykla ein del og fått sjølv oppleve på kroppen dei utfordringane
dagens syklistar blir stilt overfor i eit stadig meir uoversiktleg
trafikkbilete.
Det er også klart at desse
utfordringane er avhengig av kvar i landet ein syklar. Når eg er
heime i Lærdal så er utfordringa som syklist ei heilt anna enn når
eg bruker sykkelen i Oslo. Dette gjer at vi må nytte ulike
verkemiddel for å gjere sykkel til eit trygt og sikkert
framkomstmiddel, avhengig av kvar ein er i landet.
Sykkel og sykkelsatsing er eit emne
som ofte ligg litt på sida i den offentlege debatten. Dei som
arbeider innanfor dette feltet kan oppleve at dei ikkje får den
merksemda som dei fortener. Tilrettelegging for sykkel og auka
sykkelbruk er eit viktig satsningsområda, og er særleg framheva i
Soria Moria-erklæringa. Denne konferansen er viktig for å få
sterkare fokus på dette temaet. Ein slik konferanse er eit godt
høve til å møte ”sykkelfolk” frå andre kommunar, fylke, statlege
organ. Kontaktar kan knytast og ein kan utveksle informasjon og
erfaringar.
Generelle problemstillingar i by - køproblem
(Plansje)
Ei av dei største utfordringane vi
har i dag, er auka trafikk og då særleg i storbyane. Her opplever
trafikantane kø og redusert framkomst. Auka trafikk fører med seg
støy og forureining og er med på å skape dårlege levevilkår for
folk i storbyane. Redusert framkomst i byane påverkar også
samfunnet negativt ved auka transportkostnader for folk og
næringsliv. Det store spørsmålet blir korleis vi kan løyse
køproblema?
Eit argument som ofte blir brukt
for å løyse køproblema i storbyane, er at vi berre må byggje fleire
og større vegar. Eg trur ikkje på at dette er den beste løysinga.
Eg er oppteken av å minske dei miljøproblema storbyane i dag
opplever som følgje av kø, men vi må innsjå at vi rett og slett
ikkje lenger berre kan byggje oss ut av problema. Auka vegkapasitet
kan vere med på å leggje til rette for auka trafikk. Resultatet kan
bli at vi kanskje gjer problema enda verre ved berre å byggje nye
vegar i storbyen.
(Plansje)
Eg meiner løysinga må vere at vi
legg til rette for gode alternativ til bilbruk, samstundes som det
også vil vere behov for vegutbygging. Folk skal kunne stå overfor
eit val som gjer det lettare å late bilen stå og i staden velje
andre framkomstmiddel. Her tenkjer eg spesielt på kollektivtrafikk.
Vi må ha eit godt utbygd kollektivsystem i storbyane. I tillegg til
dette må vi satse på å leggje tilhøva til rette for at folk også
kan velje sykkel som framkomstmiddel. Eg vil seinare kome tilbake
til dette.
Stavangerregionen
For å finne eit døme på ein by som
har køproblem og som freistar å løyse desse, vil eg trekkje fram
Stavanger og Stavangerregionen. Stavanger står overfor mange av dei
same problema som andre storbyar. Den årlege trafikkveksten ligg på
om lag 3 prosent. Det er i dag ein økonomisk vekst og jamn
folketalsauke i Stavangerregionen, noko som tyder på at
trafikkveksten ikkje vil bli mindre med det første.
Erfaring viser at dei viktigaste
faktorane som har innverknad på trafikk og trafikkutvikling er
folketalet og lokaliseringa av arbeidsplassar. Utvikling av kontor
og næringsverksemd på Forus har og vil i framtida ha stor
innverknad på trafikkutviklinga i denne regionen. Kollektivdelen
for dette vekstområdet i regionen er altfor låg. Ifølgje
samferdselssjefen i Rogaland fylkeskommune ligg den på berre 3
prosent.
Eg er oppteken av at vi skaper
levedyktige forhold for næringslivet og gjennom dette fremjar auka
verdiskaping. Næringsutviklinjag som no skjer på Forusområdet
meiner eg er eit godt døme på ei slik type utvikling. Samtidig som
ein ser effektane for næringslivet så får ein også trafikale
utfordringar som følgjer av ei slik utbygging. Det er viktig at ein
har tenkt på korleis ein skal løyse dette problemet når ein driv
næringsutvikling.
Eg synest difor det er bra at
Stavanger kommune har Forusområdet som eit av satsingsområda sine
når det gjeld kollektivtrafikk og sykkel. Gjennom utbygging av
gang- og sykkelvegar og mellom anna gjennom samarbeid med ulike
bedrifter, har dette ført til at syklistane nå utgjer ein større
del av alle som skal til og frå Forus, enn det som var tilfelle
tidligare. Dette synest eg er ein bra måte for å løyse dei
trafikale utfordringane som følgjer av utbygginga. Dette bør vere
inspirasjon til andre byar og kommunar som har tilsvarande
problem.
Stavangerby
Eg vil også her få nytte høvet til
å rose Stavanger for arbeidet med å gjere byen meir tilgjengeleg
for syklistar. Resultatet av fleire års satsing på sykkel har gitt
byen eit relativt samanhengjande sykkelvegnett. Dette gjer det
tryggare å ta seg fram som syklist. Ifølgje ei undersøking
gjennomført i 2005 er sykkelandelen i Stavanger 8,6 prosent. Dette
er ein auke i forhold til 1998, då sykkeltrafikken utgjorde 6,3
prosent av all trafikk i byen.
Eit anna teikn på at Stavanger
kommune set sykkelsatsinga høgt, er at dei for første gong har
utarbeidd ein kommunedelplan for sykkel og syklistar. Den har
mellom anna visjon om å gjere Stavanger kommune til ein trygg og
god by å vere syklist i. Det er også sett ambisiøse mål ved at fram
til 2016 skal sykkeltrafikken sin del av den samla trafikken auka
med 50 prosent.
Eg helsar denne typen mål velkomen.
Det er viktig at vi har noko å strekkje oss etter, og eg synest det
blir spennande å sjå om sykkeltrafikken om 10 år utgjer nesten 13
prosent av den samla trafikken i Stavanger.
Løysing på storbyproblem
I Nasjonal transportplan er det
påpeikt at satsing på meir miljøvennleg transport vil kunne bidra
til å løyse miljø, trafikktryggleiks og avviklingsproblem som
storbyane opplever. Korleis skal vi oppnå auka miljøvennleg
transport?
Eg meiner noko av svaret på dette
ligg i å bruke fleire av desse verkemidla:
- Auka satsing på kollektivtrafikk
- Utforming av vegsystema
- Bygging av gang- og sykkelvegar
- Parkeringspolitikk
Eg trur at ved at kommunar og byar
aktivt bruker eit eller fleire av desse verkemidla vil ein kunne
løyse nokre av problema. Eg meiner vidare at i tillegg til desse
verkemidla, må det vere kopling ved at utviklinga i arealbruken
byggjer opp under ei fortetting langs kollektivaksar og ei betre
utnytting av areal som alt er utbygd.
Det viktige for næringsliv og folk
i område med miljø- og køproblem er at vi i sum gjennomfører tiltak
som gjer at folk og gods og faktisk kjem raskare fram. Erfaringane
med trengselsskatten i Stockholm viser at overgangen til kollektive
alternativ ikkje kom på det tidspunktet da kollektivtilbodet blei
utvida, med først fire månader seinare då rushtidsavgifta på
biltrafikken blei innført. For at vi skal lukkast i
kollektivpolitikken, må vi bruke både gulrot og pisk.
NTP
Eg vil no lyfte blikket og vil sjå
litt nærmare på kva ein gjer nasjonalt når det gjeld
tilrettelegging for sykkel. Det overordna plandokumentet innanfor
samferdselssektoren dei neste 10 åra er Nasjonal transportplan
2006-2015. Denne planen tar også opp sykkelsatsinga i Noreg.
I framkant av Nasjonal
transportplan blei det utarbeidd ein Nasjonal sykkelstrategi. Denne
strategien blei laga i samarbeid mellom Statens vegvesen, Sosial-
og helsedirektoratet, KS, og Syklistenes Landsforening. Etter mi
meining legg denne strategien eit godt grunnlag for det vidare
arbeidet med tilrettelegging for auka sykkelbruk i Noreg.
Måla som strategien legg opp til er
ambisiøse. Vi skal:
- gjere det tryggare og meir attraktivt å sykle.
- auke sykkelandelen med 50 prosent i ”sykkelbyar”
- ha ein sykkeltrafikk som utgjer 8 prosent av alle reiser
- auke trafikktryggleiken for syklistar
Eg ønskjer at vi skal nå desse
måla. For å klare dette må vi samarbeide på alle nivå. Alle, frå
lokale interesseorganisasjonar, kommunar, fylke, vegvesen og stat
må gjere ein innsats.
Frå staten si side er det Statens
vegvesen som har fått ei særskild oppgåve for å følgje opp NTP. SVV
skal leggje til rette og vere ein pådrivar for å auke sykkelbruken
i Noreg overfor kommunar, kollektivtrafikknæring, arbeidsgjevarar
og andre.
Ass. Vegdirektør Kjell Bjørvig vil
i foredraget sitt kome litt meir konkret innpå korleis Statens
vegevesen følgjer opp NTP.
Soria-Moria/Budsjett
(Plansje)
Eg vil understreke at denne
regjeringa vil satse på samferdsel og viser det i praktisk
politikk. Regjeringa har for 2007 gjort framlegg om 23,6 mrd. kr
til samferdselsføremål. Dette er ein auke på om lag 2,1 milliardar
kroner eller 9,7 prosent i 2007 og 2,5 milliardar meir enn
forslaget til statsbudsjett for 2006 frå den førre regjeringa. Til
vegføremål er det sett av i alt vel 14,8 milliarder, ein auke på
nær 1,2 milliardar kroner frå 2006 og løyvingar til jernbaneføremål
er på 7,1 milliardar kroner, ein auke på nær 945 millionar kroner,
samanlikna med 2006. Budsjettforslaget til veg og bane svarer til
eitt års oppfølging av vedtak i Stortinget ved handsaminga av NTP.
Det er første gongen ei regjering oppfyller dei årlege NTP-rammene
for veg og bane.
Innanfor denne sterke
budsjettvekseten går ein stor del til styrking av vegvedlikehaldet,
særleg asfaltlegging. Dette vil også kome syklistar og gåande
tilgode ved auka asfaltering av gang- og sykkelvegar og
vedlikehald.
Dei måla som ligg inne i NTP kan
nåast dersom vi følgjer opp dette i dei årlege budsjetta.
Regjeringa har gjennom Soria Moria-erklæringa sett seg høge mål for
kva slags politikk vi ønskjer å gjennomføre. Mange viktige område
skal prioriterast, og det blir ein kamp i dei årlege budsjetta for
å få nok pengar til samferdsel. Innanfor samferdselsektoren er det
igjen mange område som har behov for midlar, og det er ikkje alltid
vi kan gi nok til alle føremål.
Når det gjeld utbygging av gang- og
sykkelvegar ligg måla frå NTP fast. I enkelte år kan det hende at
vi ikkje greier å ha full oppfylling når det gjeld NTP-ramma. I
budsjettet for 2007 blir det foreslått å bruke 240 mill. kr til
gang- og sykkelvegar. Dette gir oss ein oppfyllingsgrad i underkant
av 34 prosent etter dei to første åra i handlingsprogrammet.
Ideelt sett burde ein liggje på 50
prosent etter at halve handlingsprogramperioden har gått.
Regjeringa Bondevik starta opp ei rekkje prosjekt med små
startløyvingar, så sjølv om vi har auka løyvingane med om lag 1,5
mrd. i forhold til Bondevik II og sjølv om vi ikkje startar opp
nokre nye stamvegprosjekt, er nesten alle midlane bundne opp i
igangsette prosjekt. Dette er bindingar som blir mindre dei neste
åra, og eg kan love at eg skal jobbe hardt med sikte på å auke
satsinga til gang- og sykkelvegar. Store planleggingsmidlar legg
til rette for sterk investeringsauke i 2008 og 2009. Målet er å ha
100 prosent oppfylling etter 4 år.
Kva må til for å byggje gang- og
sykkelvegar?
Eg har tidlegare nemnt at samarbeid
mellom fleire partar er viktig for å oppnå resultat knytt til
utbygging av gang- og sykkelvegar. Løyving av midlar over
statsbudsjettet er ei viktig brikke og dette skal eg jobbe for.
Men, skal vi kunne løyve pengar så må vi ha vedteke planar som vi
kan bruke desse pengane på. Her spelar kommunane ei viktig
rolle.
Vi bør ha ei mål om at når vi
byggjer eit sykkelvegnett i ein by, er det eit samanhengjande
sykkelnett som møter syklisten. Vi kan i ein by i dag ha fleire
utbygde sykkelvegar av god standard, men desse heng ikkje saman.
Den siste lekkja mellom dei manglar. For å få denne på plass må ein
kanskje ta nokre parkeringsplassar eller endre vegen på annan måte.
Det er kommunen som er reguleringsstyresmakt og som må vedta slike
endringar. Eg vil på dette området utfordre kommunar til aktivt å
vere med på denne prosessen og gjere dei vedtaka som trengst for å
få utbygt desse lekkjene.
Hjelm og trafikkreglar
Eg er oppteken av at sykling skal
skje på ein mest mogeleg sikker måte, og meiner det er viktig å sjå
på mange ulike tiltak som kan hjelpe til å auke tryggleiken for dei
som syklar. Her, som elles i trafikktryggleiksarbeidet, må det
satsast breitt. Eit av mange forhold vi må ta tak i, er at
hjelmbruken blant syklistar er for låg.
Bruk av hjelm kan aukast vesentleg
gjennom infomasjons- og opplæringsarbeid, og Statens vegvesen vil i
2007 setje eit særskilt fokus på auka bruk av sykkelhjelm. Som dei
fleste sikkert har fått med seg, har eg i tillegg teke til orde for
at det bør vurderast innført eit påbod om bruk av sykkelhjelm for
barn under 16 år. Vegdirektoratet vil sende på høyring eit forslag
om innføring av eit slikt påbod, slik at styresmakter og
organisasjoner kan få høve til å kome med sine synspunkt på
dette.
Eg vil og kort seie noko om eit
anna tema knytt til regelverket for syklistar.
Samferdselsdepartementet har tidlegare vurdert vikepliktsreglane
for syklistar, men har kome til at omsynet til trafikktryggleiken
tilseier at vikepliktsreglane ikkje bør endrast.
Som følgje mellom anna av innspel
om at vikepliktsreglane av somme blir oppfatta som vanskelege, gav
Samferdselsdepartementet og Vegdirektoratet Sintef i oppdrag å
utarbeide ein rapport om vikepliktsreglane for syklistar. Sintef la
fram rapporten sin i juni i år. Sintef foreslår i rapporten at
køyrande får vikeplikt for syklistar frå gang- og sykkelveg (dvs. å
"snu" dagens vikepliktsregel), vidare foreslår dei at ein på sikt
forbyr / innskrenkar fortaussykling. Sintef sin rapport - med
Vegdirektoratets vurdering og kommentarar - er no sendt på
høyring.
SLF
(Plansje)
Det finst ulike organisasjonar som
på ulike måtar, direkte eller indirekte, arbeider med å leggje
forholda til rette for bruk av sykkel. Eg ønskjer her å trekkje
fram spesielt ein organisasjon som gjennom åra har opparbeidd seg
solid kompetanse og erfaring som talerøyr til syklistane. Eg
tenkjer då på Syklistenes Landsforening(SLF).
Eg synest at det arbeidet de dagleg
legg ned for å betre kvardagen til syklisten er prisverdig. De har
ved ei rekkje høve samarbeidd tett med Statens vegvesen, bl.a. er
de sekretariat i det faglege Sykkelbynettverket. Dette er eit
fagleg nettverk som er eitt av av dei viktigaste opplæringstiltaka
til Statens vegvesen. Vidare gjer de innsats i utarbeidinga av
planleggingskart for sykkelturistar og i arbeidet med ein rettleiar
for nasjonale sykkelruter.
For meg er det viktig å ha
organisasjonar som verkeleg kjenner syklistane på pulsen og i mange
tilfelle veit kvar (sykkel-)skoen trykkjer. Staten har i dei
seinare åra gjeve Syklistenes Landsforening driftsstønad. I dei
første åra var denne stønaden knytt opp mot bidraget dykkar i
samband med utarbeiding av Nasjonal sykkelstrategi. For meg er det
viktig å ha sterke og krevjande brukarorganisasjonar. Eg har derfor
bestemt å vidareføre driftsstønaden til Syklistenes Landsforening,
med ein auke frå 2006. Eg ser fram til eit vidare kreativt og
konstruktivt samarbeid med dykk.
Avslutning
Til slutt vil eg kome litt inn på
eit tema som er veldig viktig. I den seinare tida har det blitt eit
sterkare fokus på helseproblem som folk får som følgje av den
livsstilen vi har her i landet. Folk sit meir i ro, barn og unge
blir stadig oftare køyrt til skule og fritidsaktivitetar og
helsevesenet kjem med meldingar om aukande problem som gjeld
overvekt og plager i samband med overvekt. I ein artikkel i Dagens
Næringsliv 6. oktober 2006 står det at fedme i USA er i ferd med å
dempe veksten i økonomien til USA. Veksten i helseutgiftene
overstig med god margin veksten i verdiskapinga.
Eg ønskjer ikkje at vi skal få ein
slik situasjon i Norge. Styresmaktene er oppteke av å førebyggje.
Vi er sjølv ansvarlege for vår eiga helse og sjølv ansvarleg for å
vere fysisk aktive, men styresmaktene skal vere med på å
tilretteleggje for auka fysisk aktivitet. Bygging av gang- og
sykkelvegar er etter mi meininga eit veldig godt tiltak i så måte.
Ved å lage trygge skulevegar kan barn på ein sikker måte sykle og
gå til og frå skulen. Folk som arbeider kan ta sykkelen til og frå
jobb på ein trygg måte. All denne aktiviteten er med på å
førebyggje helseproblema.
Regjeringa følgjer opp
Handlingsplan for fysisk aktivitet (2005-2009) som omfatter
verkemiddel og tiltak på ansvarsområda til åtte departementer. Born
og unge – og grupper som er for lite fysisk aktive er dei
viktigaste målgruppene.
Regjeringa meiner denne planen legg
eit godt grunnlag for sektorovergripande samarbeid om dette viktige
arbeidet nasjonalt, regionalt og lokalt. Mellom anna er det lagt
vekt på at arbeidet må ha ei forankring i fylke og kommunar. Her er
plansystemet ein arena for forankring og samarbeid. (I tillegg til
fylkesplanen har Rogaland to fylkesdelplaner som ivaretar dette
arbeidet på en svært god måte).
Vi ser òg at det er nødvendig med
ei meir målretta satsing overfor risikogrupper og grupper med
spesielle behov, mellom andre gjeld dette gruppe innvandrar I
framlegget til budsjett for 2007 er det mellom anna ei auka satsing
på HOD sitt budsjett for å stimulere til lokale aktivitetstilbod
retta mot risikogruppe.
(Plansje)
Ein viktig aksjon som er med på å
gjere folk medvetne om å vere meir aktive er "Sykle til jobben"
aksjonen. Formålet for aksjonen er nett å få flest mogeleg til å
vere fysisk aktive til og frå jobben. Eg støttar, og var ambasadør
for denne aksjonen, og mitt eige departemeint deltok. Personleg
synest eg det var veldig motiverande å kome på kontoret om morgonen
og kunne krysse av at eg har gått eller sykla på jobb.
Kva vil så framtida bringe når det
gjeld sykkelbruk? Vi har sett oss nokre mål som vi ønskjer å nå og
som vi arbeider mot. Samtidig ser vi framover og set oss nye mål.
Eg ser av programmet til konferansen at ein stiller spørsmålet kva
må til for å få ein sykkelandel på 12 prosent?
Somme vil hevde at får vi nok
pengar til bygging av gang- og sykkelvegar, så når vi dette målet.
Andre vil hevde at trafikkreglane må justerast slik at syklistar
kjenner seg tryggare. Eg har ikkje noko eintydig svar på dette
spørsmålet og eg trur heller ikkje det finst eit enkelt svar.
Eit mål om sykkelandel på 12
prosent er eit svært ambisiøst mål, særleg med tanke på den
topografien og busetnadsmønsteret vi har i Noreg. Men, som eg har
sagt tidlegare, vi må ha mål vi må strekkje oss etter for å nå. For
å nå dette, må vi arbeide saman. Eg skal gjere mitt mellom anna å
arbeide hardt for å få nødvendige løyvingar over statsbudsjettet.
Samstundes må kommunar gjere delen sin av jobben gjennom
planlegging og tilrettelegging.
Eg ønskjer dykk lukke til med
konferansen!