Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete fekk pris for god nynorskbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete fekk torsdag Storegutprisen for god og levande nynorskbruk. Prisen vart delt ut under Litteraturdagane i Vinje i Telemark.

Foto: Bjart Schieldrop, Vest-Telemark BladSamferdselsminister Liv Signe Navarsete fekk torsdag Storegutprisen for god og levande nynorskbruk. Prisen vart delt ut under Litteraturdagane i Vinje i Telemark.

I grunngjevinga si seier styret for prisen at Liv Signe Navarsete er ein framifrå representant for nynorsk målbruk, som brukar dialekten sin og nynorsk på ein naturleg måte i alle samanhengar.

- Det er spesielt gledeleg for meg å få ein pris for nynorskbruken min. Språk er identitet, det høyrer me ofte. Og språk er identitet også for meg. Det er språket som viser kvar eg kjem frå og kvar eg høyrer heime, sa Liv Signe Navarsete då ho mottok prisen av Olav Nordstoga i styret for Storegutprisen.

Tidlegare Storegutpris-vinnarar er Ivar Eskeland, Berge Furre, Ragnhild Seltun Fjørtoft, Bjørn Bø og Sigmund Groven.

 Foto: Bjart Schieldrop, Vest-Telemark Blad