Historisk arkiv

Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet leverer kvalitet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Etter flytting har Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet utført oppgåvene sine på ein god måte. Tilsyna har bygd opp gode stabar og eit godt fundament for å fungere på ein ny stad. Dette kjem i liten grad fram i dei to rapportane Samferdselsdepartementet har motteke i dag. Samstundes viser evalueringa at det framleis eksisterer utfordringar som følgje av flyttinga.

Etter flytting har Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet utført oppgåvene sine på ein god måte. Tilsyna har bygd opp gode stabar og eit godt fundament for å fungere på ein ny stad. Dette kjem i liten grad fram i dei to rapportane Samferdselsdepartementet har motteke i dag. Samstundes viser evalueringa at det framleis eksisterer utfordringar som følgje av flyttinga.   

Rapportane peikar på fleire utfordringar i perioden mellom flyttevedtak og faktisk flytting, og i perioden etter sjølve flyttinga. Stortinget vedtok i juni 2003 å flytte dei to tilsyna ut frå Oslo. Flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø skjedde gradvis i løpet av 2007, medan Post- og teletilsynet etablerte seg i Lillesand  i mai 2007. 

Flyttevedtaket førte til at mange tilsette i Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet slutta, og det var difor naudsynt å rekruttere nye medarbeidarar. Tilsyna har ifølgje rapporten slite med å rekruttere medarbeidarar med erfaring på saksfelta, særleg innanfor spesialisert teknisk kompetanse. I rapporten burde det ha kome klarare fram at det tek tid å opparbeide seg den kompetansen som tidligare tilsette med lang fartstid hadde. Tilsyna har likevel klart å byggje opp god kompetanse på line med den dei hadde før flyttevedtaket.

Evalueringa slår mellom anna fast at kostnadane har blitt høgare enn først rekna med. Dei totale kostnadane til drift har auka for Luftfartstilsynet etter flyttinga til Bodø, medan kostnadene for Post- og teletilsynet vil vere minst like høge i Lillesand som dei ville ha vore i Oslo.

Rapportane peikar på at avstanden mellom brukarane har auka etter flyttinga. Det blir rekna som ei ulempe, i og med at dialog er viktig. På ei anna side har båe tilsyna etablert kontaktmøte og anna løpande samarbeid som er meint å motverke effekten av større avstand. Den auka avstanden mellom tilsyna og Samferdselsdepartementet blir til ein viss grad kompensert ved hjelp av videokonferansar. Rapporten kjem i liten grad inn på desse forholda.

Rapportane med evaluering av flyttinga av Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet er utarbeidd av Asplan Viak, på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.


For ytterlegare opplysningar – sjå:


For meir informasjon – kontakt rådgjevar Edvard Andersen i Kommunikasjonsavdelinga