Samferdselsminister Liv Signe Navarsete
om: Rapporten "Ny felles parkeringsregulering?"
- Det er viktig å få til felles og enklare regelverk som
gjeld både offentleg og privat parkeringsverksemd. Eit slikt
regelverk må mellom anna sikre eit betre tilbod for dei som er
forflyttningshemma.
Dette seier samferdselsminister Liv
Signe Navarsete i samband med at ei arbeidsgruppe i dag har lagt
fram ein rapport om framtidig regulering av parkeringsverksemd.
- Gruppa kjem med tilrådingar som
vil føre til vesentlege endringar. Sjølv om arbeidsgruppa har hatt
medlemmer frå mange hald, er det viktig at også andre offentlege og
private interesser no får seie sitt, før vi tek endeleg stilling
til korleis rapporten skal følgjast opp. Eg vil difor gjennomføre
ei brei høyring av rapporten. Dette gjeld mellom anna tilrådingar
om regelverk og spørsmål om kva for økonomiske følgjer tilrådingane
vil få for til dømes kommunane og for dei som skal bruke
parkeringstilboda, seier samferdselsministeren.
Til redaksjonen
For meir om rapporten "Ny
felles parkeringsregulering?" sjå pressemelding av 28.04.06 frå
Samferdselsdepartementet