- Eg er oppteken av å sikra ei norsk bussnæring, eit betre kollektivtilbod og auka verdiskaping innan reiselivet. Difor er konkurransedyktige vilkår for norsk bussnæring viktig, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- EFTAs overvakingsorgan ESA har stilt spørsmål om reglane som avklarer kor lenge utanlandske busselskap har rett til å utføra oppdrag i Noreg. For å sikra føreseielege tilhøve for næringslivet, vil eg utsetja innføring av nytt regelverk til handlingsrommet er avklart med ESA, seier samferdselsminister Kleppa.

EFTAs overvakingsorgan ESA (EFTA Surveillance Authority) har stilt spørsmål ved om den norske tolkinga av omgrepet mellombels er i samsvar med EØS-regelverket. Dei nye reglane for mellombels persontransportkabotasje skulle ha vore innført 1. april i år.

I tillegg til å gå i dialog med ESA, vil Samferdselsdepartementet få på plass tiltak som på kort sikt kan bidra til likeverdig konkurranse mellom norske og internasjonale turbussaktørar.  

- Vi ønskjer å innføra obligatorisk bompengebrikke som sikrar at òg utanlandske selskap betaler bompengar. Vegdirektoratet sender no regelverket på høyring, med sikte på å få dette på plass så raskt som mogleg. Kontrolletatane blir bedne om å prioritera kontroll av køyre- og kviletidsregelverket, seier samferdselsministeren.

For fleire opplysningar – sjå pressemeldinga ”Bedre kontroll av utenlandske turbusser” (21.11.2012)