Historisk arkiv

Grønt lys for vidare planlegging av Jærbanen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Passasjertala på Jærbanen mellom Stavanger og Sandnes har stadig auka. Folkeveksten og transportveksten i Stavangerområdet dei komande åra gjer det naudsynt å uvikle Jærbanen vidare. Det er difor viktig med eit høgt tempo i planlegginga. Regjeringa vil derfor be Jernbaneverket om å utarbeide kommunedelplan for strekninga Sandnes – Nærbø, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Jernbaneverket skal ta fatt på denne oppgåva i 2014. Arbeidet med kommunedelplan er viktig for å leggje rammene for framtidig bustads- og næringsutvikling ved knutepunkta på strekninga Sandnes - Nærbø.

Ved å starte planlegginga no, vil Samferdselsdepartementet ha eit godt grunnlag for å vurdere denne banestrekninga i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan 2018-2027.  

Strekninga Nærbø - Egersund
Samferdselsdepartementet vil ta stilling til vidare arbeid med strekninga Nærbø – Egersund når arbeidet med kommunedelplanen på strekninga Sandnes – Nærbø har kome eit godt stykke vidare. Dette planarbeidet vil gi viktige innspel for den framtidige utviklinga av togtilbudet sør for Nærbø.