Vidareføring av drift på Bratsbergbanen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 36/10 | Dato: 29.04.2010
- Regjeringa er innstilt på å inngå ein avtale med Telemark fylkeskommune om vidareføring av drift på Bratsbergbanen på nærmare vilkår, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Regjeringa er innstilt på å inngå ein avtale med Telemark fylkeskommune om vidareføring av drift på Bratsbergbanen på nærmare vilkår, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- Vi ønskjer å styrkja tog som framkomstmiddel, og har registrert det sterke engasjementet som er rundt Bratsbergbanen, seier samferdselsministeren.
Frå staten vil dette vera føresetnadene:
- Statleg kjøp av persontransporttenester i ein prøveperiode på fire år, frå 1. januar 2011, innanfor ei årleg ramme på inntil 16 millionar kroner.
- Fylkeskommunal finansiering av drifta ut 2010.
- At fylkeskommunen legg fram ein strategi for å auka passasjertalet til 100 000 per år. Ein føresetnad for vurdering av vidare drift ut over prøveperioden, er at dette målet blir nådd i perioden.
Regjeringa legg til grunn at ein avtale blir inngått i god tid før framlegging av statsbudsjettet for 2011.