Historisk arkiv

– Vår tids største felles utfordring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg møtte i dag forskarar til samtale om dei økonomiske sidene ved klimapolitikken. – Dei menneskeskapte klimaendringane er vår tids største felles utfordring. I dag har me diskutert korleis økonomiske verkemiddel kan takast i bruk for å redusera utsleppa av klimagassar, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Statsministeren gjennomfører fleire møte med klimaforskarar frå ulike fagfelt. Det første møtet handla om global oppvarming og konsekvensane for blant anna issmelting. Bodskapen frå forskarane vil vera med på å danna grunnlaget for regjeringas vidare arbeid med å redusera utsleppa av klimagassar.

I dag møtte statsministeren fagdirektør Torstein Bye i Statistisk Sentralbyrå, forskningsleiar Mads Greaker i Statistisk Sentralbyrå, professor Michael Hoel ved Universitetet i Oslo og seniorforskar Cathrine Hagem i Statistisk Sentralbyrå.

– Me treng større reduksjonar av i utsleppa av klimagassar. Eg vil ta med meg dei innspela eg har fått i dag, seier Stoltenberg etter møtet.

Statsminister Jens Stoltenberg møtte klimaforskarar. Foto: SMK
Frå venstre: Torstein Bye (SSB), Michael Hoel (UiO) og statsminister Jens Stoltenberg.
Foto: SMK.