Priv. til red.:
Statsministerens program veke 7
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Dato: 10.02.2012
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.
Tysdag 14. februar:
Kl. 09.00: Statsminister Jens Stoltenberg held tale på Landstinget til kommunenes organisasjon KS.
Stad: Oslo Plaza.
Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.
Kl. 13.30: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er dei økonomiske utsiktene og inntektsoppgjeret våren 2012.
Møtet går føre seg i regjeringa sin representasjonsbustad i Parkveien 45.
Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Deltakarane er tilgjengelege for pressa etter møtet, om lag kl. 15.00.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog, telefon 975 30 948.
Onsdag 15. februar:
Kl. 13.00: Statsministeren overrekkjer regjeringa si gåve til kongeparet i samband med 75-årsdagane i 2012. Gåva frå regjeringa er fleire utstillingar som er basert på dei kongelege samlingane. Sjå også pressemelding frå 8. januar 2012. Hovudutstillinga Kongelige reiser 1905-2005 skal visast på Kunstindustrimuseet i Oslo fram til 26. august.
Stad: Kunstindustrimuseet, St. Olavs gate 1. Oppmøte for ein pool av pressefolk seinast kl. 12.30.
Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgjevar Arvid Samland, telefon 930 51 458.
Torsdag 16. februar:
Kl. 18.00: Statsministeren er til stades når sentralbanksjefen held sin årstale, i Noregs Bank i Oslo. Deretter deltek han på Noregs Banks middag på Grand Hotell.