Historisk arkiv

Korleis påverkar globaliseringa norske interesser i verda?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Bidrag i Globaliseringsboka. Temabok for ungdom. Av Teresa Grøtan, Det Norske Samlaget, 2009

Dei viktigaste utfordringane i vår tid har det til felles at dei ikkje kan løysast av eitt land åleine eller innanfor eitt lands grenser. Store utfordringar som klimaendringar, fattigdom og utvikling, matvarekrise, finanskrise, knappe energiressursar, helse og smittsame sjukdommar, menneskehandel og narkotika kan berre handterast gjennom tett internasjonalt samarbeid. Desse utfordringane er globale, skriv utanriksministeren i eit bidrag i Globaliseringsboka.

”Globalisering” er vår tids ”buzzword”, eit moteord med ei lang rekkje tydingar og assosiasjonar. Derfor er det vanskeleg å gi ein kort og grei definisjon på omgrepet, men desto enklare å finne illustrasjonar og eksempel på kva vi opplever som aspekt ved ”globaliseringa”. Ta til dømes kommunikasjon, transport og avstandar:

Kristianiafjord, første skipet til Den Norske Amerikalinje, brukte om lag ei veke på turen til New York i 1913. Med fly kunne du i 1946 reise dit på 27 timar. I dag tek flyturen om lag åtte timar.

I 1991 blei Internett opna for kommersiell bruk. I dag blir Internett jamleg brukt av meir enn 1,3 milliardar menneske.

Globalisering handlar kanskje særleg om at avstandane blir kortare, at kommunikasjon går raskare, og at vi alle samtidig kan følgje med på hendingar over heile kloden.

Når vi skal definere ”globalisering”, snakkar vi ofte òg om ”internasjonalisering”, altså auka kontakt og samvirke – eller samhandel – over grensene mellom land og folk. Og om korleis dette gjer landa meir gjensidig avhengige av kvarandre.

Eg snakkar ofte om ei verd i endring – ei ”globalisert verd”. Ja, at verda forandrar seg, er sjølve grunnføresetnaden for moderne utanrikspolitikk.

No, i det første tiåret av det 21. hundreåret, ser vi konturane av fundamentale endringar i globale maktforhold. Nokre eksempel: Kina markerer seg stadig tydelegare som verdsmakt. Vi møter store statar som India, Indonesia, Sør-Afrika og Brasil med nye ambisjonar og moglegheiter. Vi ser at Russland er tilbake på den internasjonale arenaen. Under den kalde krigen – altså før 1989 – snakka vi om den ”bipolære” verda når dei to stormaktene USA og Sovjetunionen rivaliserte om makt og innverknad. No har vi ei meir ”multipolær” verd der fleire store land gjer seg gjeldande.

Ressursar og makt blir flytta. Det er òg ein del av globaliseringa.

Vi kan òg seie at globaliseringa definerer hovudoppgåvene for utanrikspolitikken: Dei viktigaste utfordringane i vår tid har det til felles at dei ikkje kan løysast av eitt land åleine eller innanfor eitt lands grenser.

Store utfordringar som klimaendringar, fattigdom og utvikling, matvarekrise, finanskrise, knappe energiressursar, helse og smittsame sjukdommar, menneskehandel og narkotika kan berre handterast gjennom tett internasjonalt samarbeid. Desse utfordringane er globale. Og å møte desse utfordringane krev tolmodig og godt arbeid på tvers av kontinent, landegrenser og regjeringar, i forum som internasjonale organisasjonar og med bruk av verdsomspennande styringsmekanismar.

Globalisering kan handle om slike store og overgripande maktforhold – men det kan òg handle om konkrete, praktiske spørsmål, tett på våre eigne liv, din og min kvardag.

Globalisering betyr at vi i Noreg reiser meir, bruker Internett, handlar og kommuniserer med utlandet eller studerer og jobbar i utlandet. Sterke krefter som ikkje lèt seg stanse ved grensene – anten vi snakkar om valuta, varer eller virus – smeltar verda saman. Og Noreg har ein utoverretta økonomi; vi eksporterer produkt som er etterspurde i store delar av verda – olje, gass og fisk.

Men bruken av uttrykket ”globalisering” kan òg vere med på å skape eit inntrykk av at vi heile tida lever i veldig omskiftelege tider. Her synest eg vi kan vere litt på vakt. Det er rett at vi opplever store forandringar, men ofte blir framstillinga av ei verd i endring altfor dramatisk og lausriven frå den verkelege kvardagen til at vi kjenner oss att.

Debattane om globalisering kan gi eit inntrykk av at verda er snudd heilt opp ned. Det kan verke framandgjerande, og vi får ei kjensle av avmakt.

Til det har eg derfor lyst til å seie: Ingen av oss lever våre liv i ”det globale”. Vi lever framleis våre liv lokalt. Globaliseringa endrar ikkje på vår eiga personlege oppleving av å begynne og avslutte dagen omtrent på same stad, og at vi bruker dagen i dag omtrent som vi gjorde i går.

I debattane høyrer vi òg at menneske over heile kloden er komne kvarandre så mykje nærmare. Er vi det? Eg er ikkje så sikker. Det er ikkje nærleik vi opplever når vi i media følgjer dramatiske hendingar frå fire verdshjørne på éin gong døgnet rundt, alle som ein. Kanskje det heller er ei oppleving av det ”samtidige”. Når vi slår av tv-kanalane og internettoppkoplinga, er vi ikkje nødvendigvis komne kvarandre noko nærmare. Kanskje skjer det motsette, at vi vender oss bort, lukkar døra meir enn vi opnar henne, og seier at dette vedgår ikkje oss; det er dei andres problem, dei andres fattigdom, dei andres katastrofar.

Det må ikkje skje. Ei bok som globalisering, som du no held i handa, må heller inspirere til engasjement. Vi kan alle vere med og bidra til å finne løysingar på vår tids mange globale oppgåver.