Historisk arkiv

Forord til boka ”Kort historie om framtida” av Jacques Attali

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Det Norske Samlaget, 2009

- Jacques Attalis korte historie om framtida kan lesast over same leist som forfattarens eige livslange virke, som ein ambisjon om å forstå heilskapen, jakta på syntesen. Ein bodskap om at det hastar å forstå notida fordi ei sivilisert og humanistisk framtid krev at vi handlar no, før det er for seint, skriv utanriksminister Støre i forordet til boka.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre sitt forord til boka ”Kort historie om framtida” av Jacques Attali, Det Norske Samlaget, 2009.

Vanlegvis fortel vi historia om fortida.

Denne boka er uvanleg, fordi ho fortel historia om framtida. Men så er ho da òg skriven av ein ganske uvanleg mann.

Jacques Attali, fødd i Algerie i 1943, har verka i fransk politikk, næringsliv og åndsliv sidan tidleg på 1970-talet. Han er produkt av meir enn éin av dei franske utdanningsinstitusjonane og kan med rette kalle seg økonom, ingeniør, statsvitar, politikar, høgare embetsmann og finansmann. Men viktigast for han sjølv er nok titlane forfattar og tenkjar. Det finst neppe det feltet som slepp unna interessa til Jacques Attali. Han er ein intellektuell som er nysgjerrig på nesten alle vitskapar og kunstartar i verda. Lista over dei utgjevne bøkene hans omfattar fleire titals essay, ei rekkje romanar, skodespel, barnebøker og i godt vaksen alder også memoarar og historiske nedteikningar.

Eg begynte studia mine i sosialøkonomi og historie i Paris hausten 1981, tre månader etter at sosialisten Francois Mitterrand vart vald til Frankrikes president. For første gong sidan den dramatiske starten på den femte republikken i 1958 vann venstresida den institusjonen general de Gaulle hadde skapt for seg sjølv. Forventningane var store til kursskifte og radikale alternativ. Men dette var samtidig åra da det ugjenkalleleg gjekk opp for franskmennene at eitt europeiske land ikkje kan velje sin egen økonomiske kurs. Etter kort tid måtte Mitterrand velje innstrammingar, la rigeur. Ei erkjenning slo rot; dei europeiske landa måtte samordne seg langt sterkare, vi fekk EUs indre marknad og nye historiske skritt mot tettare og meir forpliktande europeisk samarbeid.

Vi som var interesserte i slikt, merka oss tidleg korleis Jacques Attali stod fram som presidentens næraste rådgjevar. Ikkje på eitt fagfelt, men på alle. Han tok kontoret rett ved sida av presidenten. Det fanst ikkje det feltet han ikkje engasjerte seg i. Attali vart presidentens sherpa til toppmøta innan ramma av EU og G7-samarbeidet. Kvar kveld redigerte han innspel til Mitterrand i form av handnotat – om politikk, økonomi og kultur, om små og store saker, og gjerne om den siste romanen han hadde lese, og som presidenten burde kjenne til. Ein rådgjevar med engasjement i alle saker, med andre ord, og dermed ein kontroversiell figur ved republikkens hoff.

Etter nesten 10 år ved presidentens side gav Attali ut tre dagbøker med detaljerte nedteikningar frå åra i Elysée-palasset. Han kalla dei Verbatim I–III, og bøkene gjev dag-til-dag-forteljingar om små og store saker, samtalar og forfattarens eigne refleksjonar. Nedteikningane vart kritiserte av dei som ikkje kom heldig ut i dagboksidene, dei som ikkje kjende seg att i sitata. Men dagbøker gjev aldri det faglege perspektivet til ein historikar. Bøkene fortel om den subjektive opplevinga av livet tett på avgjerdene, av dei hendingane Attali sjølv fann å vilje nedteikne. Framfor alt gjev dei eit innblikk i det miljøet som oppstår når det ikkje er nok å tenkje og diskutere sakene, men når oppgåva kvar dag er å ta avgjerder.

Attali stod ved Mitterrands side under Berlinmurens fall og Tysklands samling, ei skjelsetjande hending for Frankrike. I 1990 vart han den første leiaren for det store prosjektet han sjølv hadde teke initiativet til, Den europeiske banken for gjenoppbygging og utvikling, EBRD, banken skapt for å gje støtte til økonomisk utvikling i dei nye demokratia i Sentral- og Aust-Europa. Attali etablerte banken, sikra seg innskot frå europeiske regjeringar, men forlét kontora i London i 1993 etter strid om drifta av den nye banken.

Herfrå går Jacques Attali sin eigen veg og på eigne vegner, som forfattar og initiativtakar innan finans og næringsliv. Med åra har han vist ei særleg interesse for moglegheitene som ligg i mikrokredittar, små lån til oppstart av økonomiske og sosiale prosjekt verda over.

Respektert, beundra, men også utskjelt og forakta. Ei fri stemme i kvilelaust virke på mange samfunnsarenaer. Han var sosialistpresidenten Francois Mitterrands næraste. Og det var han høgrepresidenten Nicolas Sarkozy vende seg til da han ønskte ein brei handlingsplan for å få Frankrike ut av ei kronisk økonomisk krise. Attali tok oppgåva, samla franske og internasjonale ekspertar og leverte det mest omfattande reformprogrammet republikken har sett. Sarkozy er i gang med gjennomføringa.

Jacques Attali høyrer heime på venstresida, han er tydeleg på det. Men han lèt seg lite freiste av ordkampen mellom partia, i ein slags intellektuell gaullistisk stil plasserer han seg ein stad i midten, heva over det løpande politiske livet, og pleier eit breitt nettverk i og utanfor Frankrike, klar til å dele tankane og forslaga sine med den som måtte spørje og vere tolmodig nok til å lytte. Han er ikkje fagperson for det eine faget; økonomi, finans, teknologi eller kultur. Han er på søking etter det som bind saman og gjev ei samlande meining, jakta på det franske intellektuelle idealet – la synthèse.

Det hender eg oppsøkjer Attali når eg er i Paris. Han snakkar lågmælt, han snakkar fort, og han snakkar på tvers av alle dei sektorane som opptek han. Han er uroleg fordi vilkåra for politikk blir svekte i forhold til det vi må forvente av politikken, nemleg evna til å ta avgjerder i dag som kan hindre store problem fram i tid. Samtida vår, slik ho blir spegla i media, krev kjappe svar, politikarar og journalistar dyrkar kommunikasjonskrafta til one-linerar og sound bites.

Våren 2007 deltok vi saman i ein fransk paneldebatt om klimaendringane. Eg kunne sjå at Attali ikkje treivst i debatten. Fokus var på den globale oppvarminga. Det var godt med tid, og programleiaren gav betre rom enn vanleg for å snakke i heile setningar. – Utfordringane er så mykje breiare, sa Attali, i eit slags forsøk på å formidle ein fransk versjon av Gro Harlem Brundtlands kjende devise om at ”alt henger sammen med alt”. – Befolkning, urbanisering, kunnskapsøkonomi, teknologi, demokratiets stilling, fattigdom, det er samspelet som avgjer. Vi kan ikkje klippe ut klimautsleppa som eit enkeltståande fenomen, vi må trengje inn til grunnlaget for dei politiske avgjerdene som ikkje lenger kan vere nasjonale, men som må gjelde heile regionar og globalt.

Det bringer oss til utgangspunktet for denne korte historia om framtida. Boka er grunnleggjande tverrfagleg i jakta si på eit resonnement som heng saman, ein syntese av det som driv historia, ikkje berre til i dag, men herfrå og framover. Eit så stort lerret krev ikkje berre ei tverrfagleg innsikt, men òg eit mot grensande til det kritikarane hans alltid vil kalle arroganse.

Det er ei djup uro som driv forteljinga, uroa for kva slags verd kommande generasjonar vil arve. Attali fangar merksemda til lesaren med å meine at vi i dag avgjer korleis verda vil sjå ut i 2050, ja, i åra som kjem legg vi grunnlaget for tingas tilstand i 2100.

Attali hentar opp kreftene som gav den moderne sivilisasjonen fart og retning. Han teiknar den økonomiske, politiske og teknologiske historia i bølgjer, han passerer notida og teiknar bileta sine som dristige spenn inn i framtida, noko med brei pensel og noko med fin pensel, der han tillèt seg detaljerte observasjonar av tilstanden fleire tiår fram i tid. Den lange linja handlar om framveksten av marknaden si makt og individualismens gradvise triumf. Får denne krafta verke heile linja ut, blir alt knust som hindrar ferda til pengane og marknaden; natur, politiske strukturar, menneska sin fridom. Kan politikken og demokratiet hindre det?

Historia til denne ferda er Attalis forteljing. Det aller meste av det vi møter av tankar kring framtida, handlar om å skrive fram notidas tendensar og trendar. Det er ofte lite engasjerande, og erfaringa viser at det sjeldan går dit trendane peikar. Derfor legg vi større vekt på å vurdere framtida ut frå scenario, eller moglege framtider. Klimaforskinga har lært oss kva naturens vippepunkt har å seie, augneblinkar da natur og hav og livsmiljø blir belasta så kraftig at utviklinga tek ein brå og uventa kurs. Denne boka bruker slik innsikt til å tenkje framover for økonomi, politikk og teknologi. Det er eit utfordrande grep.

Da dei tre utgåvene av Verbatim kom ut, dagbøkene frå nesten 10 år som rådgjevar for Francois Mitterrand, leita eg etter ein referanse til Noreg. Eg fann ingen. Vi får tru han på det; at Noreg rett og slett ikkje var innanfor horisonten til presidentrådgjevaren, eller at det i alle fall ikkje var noko som gjorde Noreg naturleg å reflektere over i ei dagbok. Men i denne boka dukkar det nordlege Europa opp med ein tydelegare profil. Eg kjenner att omtalen av dei nordiske landa som ein del av den aukande interessa økonomiske og politiske tenkjarar viser for den nordiske samfunnsorganiseringa.

Attalis framtidsbilete skisserer eit mogleg nytt kraftsentrum i aksen Helsingfors, Stockholm og Oslo. Han viser til at det her finst ein kombinasjon av leiande kunnskapsmiljø, avansert industri, rikeleg med energi, ein høg grad av tryggleik og ein velutbygd velferdsstat. Altså ei samfunnsorganisering som er moderne, og som klarer balansen mellom å skape og å dele. Eit sosialt klima som ifølgje Attali legg grunnlaget for å trekkje til seg ”ein skapande klasse” frå resten av verda. Men, noterer forfattaren, dei nordiske landa er så opptekne av å verne seg sjølve mot farane i verda at dei ikkje vil ønskje å trekkje til seg meir merksemd og dei konfliktane som følgjer av det.

Jacques Attalis korte historie om framtida kan lesast over same leist som forfattarens eige livslange virke, som ein ambisjon om å forstå heilskapen, jakta på syntesen. Ein bodskap om at det hastar å forstå notida fordi ei sivilisert og humanistisk framtid krev at vi handlar no, før det er for seint.

 

Jonas Gahr Støre

Oslo, August 2009