Fiskaa møter hjelpeorganisasjonane om flaumen i Pakistan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 05.09.2010 | Sist oppdatert: 06.09.2010
Statssekretær Ingrid Fiskaa møter Børge Brende, Elisabeth Rasmusson og Baber Qazi for å følgje opp det nylege besøket til Pakistan.
Statssekretær Ingrid Fiskaa møter Børge Brende, Elisabeth Rasmusson og Baber Qazi for å følgje opp det nylege besøket til Pakistan.
Fiskaa kom heim denne helga etter å ha besøkt dei flaumramma områda i Pakistan. Sjå bilete frå besøket på Flickr-sida til UD.
Måndag møter ho tre av dei norske hjelpeorganisasjonane som no arbeidar i dei flaumramma områda. Mellom andre kjem Børge Brende frå Raudekrossen, Elisabeth Rasmusson frå Flyktninghjelpa og Baber Qazi frå Rahma Islamic Relief Network.
Noreg har gitt 115 millionar kroner til flaumofra i Pakistan. Sjå korleis pengane brukast her.
Slutten av møtet er ope for journalistar, frå klokka 14.45.
Tid: Måndag 6. september, kl. 14. Pressa er velkomne mot slutten av møtet.
Stad: Fiskaa sitt kontor, Utanriksdepartementet
Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken, mobil: 992 18 303.
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lette å lese. Solheims rådgjevarar brukar Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 32. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.