Historisk arkiv

Pressestipend for reise til Sør-Korea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med det internasjonale toppmøtet om utvikling i Busan i Sør-Korea 29. november - 1. desember.

Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med det internasjonale toppmøtet om utvikling i Busan i Sør-Korea 29. november - 1. desember. 

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skal meisle ut ei ny internasjonal plattform for utvikling saman med USAs utanriksminister Hilary Clinton og andre internasjonale leiarar.  

NB! Søknadsfrist søndag 30. oktober 2011. 

Målet med toppmøtet i Busan er at samarbeid om utvikling skal vere mest mogeleg effektivt og gje gode resultat. Eit liknande møte i 2005 skapte Pariserklæringa. Den har felles reglar for både dei som tar i mot bistand og dei som gir. Ei internasjonal evaluering viser mellom anna at utviklinga blir best for fattige land som sjølv sit i førarsetet for sin eigen utvikling.  

Samstundes har ikkje resultata vore like gode som venta. Styresmaktene i mange fattige land synes dei brukar for mykje tid og krefter på ulike krav frå dei som gir pengar. I tillegg er nye former for samarbeid viktig, til dømes om klima. Land som Kina har fått ei mykje viktigare rolle enn tidlegare. Møtet i Busan vil bestemme korleis fattige og rike land skal samarbeide om utvikling fram mot 2015. 

For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend på inntil 20.000 kroner. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søkje. Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinene Utanriksdepartementet har for pressestipend. 

Av omsyn til visumprosessen, ber ein presse som vil vere med på heile eller delar av reisa om å ta kontakt så snart som mogleg for meir praktisk informasjon. 

Send kort søknad med bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering elektronisk til media.utvikling@mfa.no. Merk e-posten «Journaliststipend» og stil til:

Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra, E-post: svb@mfa.no, mobil 916 72 042.

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.